– Nordmenn vil ha naken vin

Biodynamiske og økologisk dyrka viner er ikkje lenger noko sjeldsyn i hyllene på Vinmonopolet. Men kva rører seg i hovudet på ein som importerer naken vin?

Mange vil smaka når Non Dos og Carl Otto Lund stiller på messer. Rosévinen Meinklang Prosa er ein bestseljar, også i magnum.

Vinmonopolet sitt varesortiment har for lengst passert 15.000 titlar. Fleire hundre importørar konkurrerer om at akkurat deira vinar skal verta oppdaga av nordmenn flest.

Min smak
Castell’in Villa, Meinklang, Carussin, Frank Cornelissen og Sebastien Riffault. Ein rask gjennomgang av eigne vinvanar, avslører at overraskande mange av vinane eg synes om vert importerte av ei og same verksemda, nemleg Non Dos.

Les: Får det beste ut av sangiovese

Les: Vinar du aldri har smakt maken til

Les: Ein tradisjonell sancerre

Forretningsidé
Tidlegare denne veka nytta eg difor høvet til ein prat med salsansvarleg Carl Otto Lund.

Import av nettopp biodynamisk og økologisk dyrka vin var forretningsidéen då Non Dos vart starta for elleve år sidan. Den gong var det langt mellom slike vinar i hyllene til
statsmonopolet.

Etterkvart har Non Dos funne fram til eit 150-tals småprodusentar, hovudsakeleg i Italia og Frankrike, som leverer kring 600 ulike vinar, seier salsansvarleg Carl Otto Lund til nettavisa Tunnelsyn.no.

Naken vin
”Biodynamisk”, ”økologisk” og ”naturvin”. Forskjellane i produksjonsmåten er der, sjølv om dei mange nyansene produsentane i mellom gjer det freistande å påstå at kjært barn har mange namn. Den relativt vesle vinimportøren har gått i bresjen for å oppdaga og henta til Norge dei beste av det dei kallar ”naken vin”.

– Naturvin er eit ord som har mange ulike definisjonar. For å unngå mistydingar kallar vi i staden vinane våre for ”naken vin”, seier salsansvarleg Carl Otto Lund.

– Med naken vin meinar vi vin som berre smakar av den drua han er laga av, og av staden der druene har vakse. Ein vin som er laga av naturleg gjær, utan kjemiske tilsetningar verken i vinmarka eller i kjellaren, og som ikkje smakar av eikefat. Berre litt svovel, eller sulfitt, inntil 50 mg per liter, er tillate under tappinga, forklarar Lund.

Marknaden kjem dei i møte
Siste åra har dei opplevd at Vinmonopolet i sine tendere i aukande grad spør etter vinar med nett dei eigenskapane Non Dos konsentrerer seg om.

– Det er verkar vera eit aukande medvit i den norske marknaden om denne type vin. Det er kjekt å oppleva at marknaden kjem oss i møte, smiler Lund.

Vinmonopolet fører ikkje eigen statistikk over denne typen vin, men Lund er overtydd om at marknaden for biodynamiske og økologiske vinar har auka veldig siste åra.

Gjensidig avhengighet
Ein gløtt på rekneskapane til Non Dos røpar at Lund har rett. Siste fire åra har verksemda meir enn dobla omsetninga, til 77 millionar kroner. Eit driftsresultat på 5,5 millionar vitnar om at dei har funne ein nisje verd å kjempa for.

Vinverda har sine uskrivne reglar. For ein relativt liten importør som Non Dos oppstår det ein gjensidig avhengighet med små produsentar. Likevel hender det frå tid til annan at konkurrentane ”stel” vinprodusentar dei sjølve har brukt tid og krefter på å byggja opp i Norge, beklagar Lund.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s