Leitinga etter den ultimate «kånebilen»

Med så mange bilforhandlarar samla i Sotra Arena, var det freistande å utfordra bilseljarane til å koma opp med forslag til den ultimate ”kånebilen”. Venstre si Brith Ediassen vart med på leitinga.

Honda NSX fekk kvinneauger til i funkla. Han var bilmessa sitt svar på den høge mørke.

Bil er eit leiketøy for menn, skal vi tru reklamen. Alltid er det menn som testar. Design, hestekrefter, ny teknologi og drivstofforbruk står i fokus under dei fleste testane du kan lesa i media.

Glimt i auga
”Den ultimate kånebilen”. Fleirtalet av bilseljarane vi slo av ein prat med tok utfordringa med ein glimt i auga. Det verka vera brei forståing hos dei mannlege seljarane om at kvinner oftast er den i familien som utfører dei fleste transportoppdraga, og som difor kjører den største bilen, i dei tilfella der familien har fleire.

Transportbehov
At vi kvinner gjerne vil ha noko pent å sjå på, overraskar vel ingen. Men kva med transportbehovet, spør vi. Korleis kombinera lekre linjer, rask framdrift og gjerrig energibruk med det transportbehovet ei kvinne har i kvardagen?

Ungar, barnevogner, kattebur, vedsekkar og kajakk er noko av det vi har behov for å frakta med oss på ein rask og sikker måte.

Langturar
Brith og eg har begge ein lidenskap for langturar bak rattet, i utlandet eller i Norge. Ein rein elbil, eller ein hydrogenbil som er avhengig av ein godt utbygd infrastruktur, vil difor ikkje vera aktuell.

Les: 4.000 nordmenn står i kø for denne bilen

Hybridteknologien derimot! Sjølv har eg køyrt hybrid i mange år, og vert stadig meir fasinert over bilbransjen sine gjentekne teknologiske kvantesprang når det gjeld å fanga og gjenbruka energien som oppstår når eg bremsar eller køyrer nedoverbakke.

Den høge mørke
Brith stima rett bort til den absolutte draumebilen. Linjene i nye Honda NSX fekk augo til å funkla. Det var fleire kandidatar, men dette var messa sitt absolutte svar på den høge mørke. Ein prøvetur med ein slik på kronglete Vestlandsvegar ville vera ei oppleving å skriva heim om, bokstavleg talt.

To elmotorar, nær 600 hestekrefter og ein toppfart på 300 kilometer i timen høyres imponerande. Sjølv om vi hadde oversett investeringsbehovet på 2,6 millionar ville det likevel vera ein risiko for at vi i pur glede over hestekreftene kunna ha pådratt oss eit ruinerande tal trafikkbøter…

Honda reklamerer med at bilen tek deg nærare vegen enn nokon av konkurrentane. Det argumentet overbeviste ikkje. Ikkje alle synes like mykje om å sitja med rompa nesten nede i asfalten.

Artic Truck

Valgte grønt. Med denne Isuzu D-Max AT 35 ombygd til Artic Truck får ei kvinne med seg det aller meste…

Tinging på eit framkomstmiddel tilpassa fire kattebur, kajakk og 20 sekkar ved inspirerte dagleg leiar Jan Dyndal hos Oddvar Bjelde til å tenkja stort. Ein Isuzu D-Max A35 ombygd til Artic Truck burde vera tingen for oss! 4-hjulstrekk, ekstra høg bakkeklaring, sele til å sikra til kattebura bak i kupéen og vasstett, låsbar rullegardin over lasteplanet fekk Brith til å sjå grønt, trass i at bilen går på diesel.

– Elbilar er ikkje så miljøvenleg som bransjen vil ha oss til å tru. Verken produksjon eller destruksjon av batteripakkane er nokon miljøvenleg prosess, hevdar Vestrekvinna.

Det at elbilane kjøyrer utan utslepp av CO2 ser ho likevel som positivt.

Batteripakkane gjev bilen ekstra tyngde, noko som bidreg til at elbilane genererer meir svevestøv.

Skoda
Range Rover, Lexus og Audi freista alle med lekre modellar spekka med ny teknologi og med ein prislapp på rundt millionen.

Mykje bil for pengane. Skoda Rapid Spaceback vil dekka dei fleste behov.

For dei som er avhengig av å få mykje bil for pengane, kan Skoda Rapid Spaceback vera eit alternativ. Bilen vart lansert så langt tilbake som i 2014, og er ikkje Skoda sin mestseljande modell. Med stort glastak, høgderegulerbare seter, delt, nedfellbar seterygg og eit bagasjerom på heile 1381 liter vil han likevel kunne dekka dei aller fleste transportbehov for ein startpris på sympatiske 240.000 kroner.

El, plugin, diesel eller hydrogen?
Ikkje uventa bar messa preg av at bilbransjen for tida er prega av stor usikkerhet når det gjeld framtidige drivstoffsatsingar og gebyrregime.

Audi, Porsche, Range Rover og Jaguar viste alle fram nyleg lansert plugin-hybridar med diesel som hovudenergikjelde. Jaguar avduka til og med sin første kompakt-SUV E-Pace under messa.

Plugin-hybridane er berre eit mellomsteg på vegen til heilelektriske bilar, er marknadssjef Stig Inge Olsen hos Møller Bil overtydd om. Verkstadleiar Arild Arnesen hos Hondaforhandlaren Autosalg argumenterer like overbevisande for at hydrogen er framtida, og at ei utbygging av ein nasjonal infrastruktur av fyllestasjonar no omsider er nær føreståande.

Neimen ikkje einkelt for ein bilkjøpar å vita kva ein skal satsa på. Eit feilval her vil få konsekvensar ikkje berre for driftsøkonomien, men og for eit eventuelt innbyte/bruktsal ein gong i framtida.

Ny teknologi
Bilindustrien går framfor med introduksjon av ny datateknologi. Vi oppdaga ingen sjølvkøyrande bilar, men kjørecomputer er standard i nye modellar. Kor smart bilen skal vera, vert likevel langt på veg opp til kjøparen si lommebok.

Fleire av forhandlarane har integrert Google Earth i kjørecomputeren, slik at GPS-funksjonaliteten vil verta opplevd som eit sjølvsagt hjelpemiddel. Automatisk parkerings-assistent derimot, er ekstrautstyr hos dei fleste.

Intelligente led-lys som automatisk dimmar ned fjernlysa ved møtande bilar, men som likevel føl vegkantane slik at det vert einklare å oppdaga fotgjengarar og dyr på sidene av bilen, er eit argument Audi køyrer sterkt på.

Tryggleik

Denne VW bussen vekte minner. Kvifor lager ikkje VW ein retromodell av denne, spør Brith Ediassen.

Møller Bil fylte heile hall A. Ein nyrestaurert VW Folkevognbuss frå 1960-talet var eitt blikkfang mellom spreke Audi, praktiske VW og lommebokvenlege Skoda. Denne første versjonen av bubilen vekte minner! Han har alt ein bil skal ha! Kvifor lagar ikkje VW denne i ein moderne retroversjon?

Det skulle ikkje meir enn ein glimt av vraket på skadesenteret ved sida, før tankane vart pensa over på tryggleik.

– Nye bilar er langt tryggare enn dei som kom på marknaden for nokre år sidan, beroliga Jørn Kristian Narvestad hos Skadesenteret.

Utført på ein merkjeverkstad kan ein kollisjonsskadd bil som dette gjenopprettast til same tryggleiksnivå som då han var ny. Nybilprisen avgjer om det lønar seg, fortel Jørn Kristian Narvestad hos Skadesenteret.

Deformasjonssoner i fronten gjer at dei fleste moderne bilar kan kollidera i 60 kilometer i timen utan at kupéen vert deformert. Plassering av rattstammen i golvet, istaden for i fronten, aukar ytterlegare føraren sine sjansar til å koma uskadd frå det i tilfelle det skulle smella skikkeleg.

Eit tips til slutt: Har du funne ein bil du synes om, kan du sjekka på internett kor godt bilen kjem ut av det på kollisjonstestane til Euro NCAP før du tek den endelege avgjerda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s