500.000 passasjerar

Fylkesrådmann Rune Haugsdal og Skyss vil premiera båtglade asketappar med fleire avgangar, auka kapasitet og ny, elektrisk båt. Omlegginga frå buss til båt kan koma til å kosta busspassasjerane på Sotra og Bergen Vest dyrt.

To avgangar i timen og plass til 296 passasjerar har ført til at meir enn 42.000 passasjerar tek Expressen mellom Kleppestø og Strandkaien kvar månad.

Kvar fjerde reisande til og frå Askøy vel snøggbåten framfor bil eller buss, ifølgje Skyss. Med berre 15 minutt frå Strandkaien til Kleppestø er båten absolutt raskaste framkomstmåten – heilt utanom alle køar.

For å oppmuntra dei båtglade Asketappane til å nytta båten enno meir, føreslår fylkesrådmann Rune Haugsdal å auka talet på avgangar frå to til tre i timen. Samstundes skal kapasiteten auka med 33 prosent. Ifølgje forslaget til den føreståande konsesjonsutlysinga skal sambandet trafikkerast av to heilelektriske båtar med batteridrift frå 2021.

Rammar busspassasjerane
Prioriteringa av båt framfor buss kan føra til redusert tilbod i andre delar av kollektivtransporten, åtvarar fylkesrådmannen.

For busspassasjerane i kommunane vest for Bergen, kan auken i båtkapasiteten til Askøy føra til kutt i rutetilbodet på inntil 10 prosent. Alternativet er å redusera båtrutene andre stadar i fylket, eller å auka dei samla løyvingane, ifølgje fylkesrådmannen.

500.000 passasjerar
Oppgraderinga av Askøy – Strandkaien skjer etter at Skyss i fjor registrerte 481.000 passasjerar med sambandet – ein auke på sju prosent samanlikna med året før. Hyppigare avgangar dette året har gjeve utslag i passasjerstatistikken for første halvår. Alt tyder på at talet på reisande vil passera ein halv million i 2017.

Askøy – Bergen er det rimelegaste snøggbåtsambandet i fylket, rekna etter kostnad per passasjer. Fråtrekt billettinntektene subsidierte fylkeskommunen kvar reisande med 34 kroner i fjor.

Veleigna for elektrifisering
Strekkja Askøy – Bergen er berre seks kilometer. Korte samband som dette er veleigna for elektrifisering, skriv fylkesrådmannen i saka om Trafikkplan for båtruter i Hordaland som no skal opp til politisk behandling.

Dobla driftskostnadane
Snøggbåtsambandet Askøy – Strandkaien kostar no fylkeskommunen 17,4 millionar kroner årleg når billettinntektene på kring fire millionar kroner er trekt frå.

Innføring av nye elektriske båtar som kan verkeleggjera den føreslegne auken i frekvens og kapasitet, vil minst dobla dei årlege driftskostnadane, føresett at fylkeskommunen får tilskot frå ENOVA og NOX-fondet, stipulerer fylkesrådmannen.

Gløymer vegkostnaden
– Kapital- og driftskostnadane for båt er generelt dyrare enn for buss, hevdar fylkesrådmannen.

Det fylkesrådmannen gløymer, er at båtsambanda ikkje krev kostbare vegutbyggingar. Vert investeringane på vegnettet tekne inn i reknestykket for bussane, vert konklusjonen truleg ein annan.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s