Lenge å venta på båten

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Hordaland og Skyss har lita tru på ei snøggbåtrute mellom Ågotnes og Bergen sentrum.

Dei kan måtta venta lenge på neste snøggbåtavgang til Bergen, alle dei som stod på kaien på Ågotnes under Sykkel VM.

Dei etterkvart mange snøggbåttilhengjarane på Sotra får liten støtte hos Hordland fylkeskommune som er ansvarleg for kollektivtilbodet til og frå Sotra.

Les: Båtruta er i hamn – i budsjettet

Sotrasambandet har lenge vore ein flaskehals i transportsystemet mellom Sotra og Bergen. Hyppige bussavgangar til Straume klarar ikkje skapa forutseielege reisetider, konstaterer Skyss i ”Trafikkplan båt i Hordaland” som no skal opp til politisk behandling.

Likevel vender Skyss og fylkesrådmann Rune Haugsdal tommelen ned for vidare utgreiing av eit snøggbåtsamband til Sotra.

Det vil ta to år å førebu og lysa ut eit nytt båtsamband, ifølgje rapporten. Og nytt Sotrasamband skal jo stå klart i 2023…

Fylkesrådmann Rune Haugsdal ser fjorden i det fjerne. Berre snøggbåtruta til Askøy får tommelen opp for vidareutvikling. (Foto: Hordaland fylkeskommune).

Konkurrera i tid
Reisetida med buss frå Ågotnes til Bergen er 50 minutt. Noko som er klart lengre enn dei 25 minutta ”Teisten” brukte på å gjera unna strekninga under Sykkel VM tidlegare i haust.

Les: Ka ti kjem båtruta?

Ågotnes peikar seg ut på grunn av talet på arbeidsplassar knytt til oljenæringa. Siste åra har likevel reisestraumane endra seg, med fleire som pendlar frå Ågotnes til Bergen. Det er svært usikkert om ein kan vente ein oppgang som gjev vesentleg vekst komande år, hevdar Skyss.

Straume
I tillegg til Ågotnes peikar trafikkplanen ut Litle Sotra og Straume som potensielle anløpsstadar for eit båtsamband.

Ein båt frå Litle Sotra/Straume vil truleg ikkje kunna konkurrera med buss når det gjeld tidsbruk. Mangel på tilrettelagt kaiplass med bussamband og eventuelt parkering tilseier at dette er eit lite eigna alternativ, ifølgje rapporten.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s