Pionerar på innovative anskaffelsar

For å sikra utviklinga av ny tryggleiksskapande teknologi har Fjell, Øygarden og Askøy saman med Lindås blitt pionerar på innovative anskaffelsar.

På oppdrag frå Fjell, Øygarden, Askøy og Lindås utviklar Atea tryggleiksskapande velferdsteknologi for eldreomsorga. (Foto: Atea).

Utviklinga av det vi kallar velferdsteknologi er enno heilt i startfasen. I framtida vil appar, chatte-kanalar, smartteknologi og 3D-printing revolusjonera kvardagen ikkje berre for eldre, men og for mange andre grupper som treng hjelp og bistand frå helse- og omsorgstenestene.

Produkt som enno ikkje finst
Ein offentleg anskaffelsesprosess spesifiserer eit produkt. Den tek ikkje høgde for produkt som enno ikkje finst, men som må utviklast.

– Innovative anskaffelsar er ein måte å sikra utvikling av den teknologien brukarane har behov for, seier regionleiar Einar Vaage i Atea.

Tryggleiksskapande
Den nordiske IT-leverandøren har inngått ein slik innovativ anskaffelsesavtale med Fjell, Øygarden, Askøy og Lindås. No skal dei utvikla tryggleiksskapande velferdsteknologi, som kan bidra til at eldre kan bu heime lenger. Ein kontrakt som har ein verdi på 20 – 30 millionar kroner, ifølgje Vaage.

Behovsvurdering
Ved innovative anskaffelsar gjennomfører kjøparen ei grundig behovsvurdering i samarbeid med brukarane og leverandøren i forkant av avtaleinngåinga. Her framkjem det kva ytingar og funksjonar ein vil ha dekka, og som leverandøren må utvikla eit produkt som kan utføra.

Kompetanseheving

Teknologioptimist. Regiondirektør Einar Vaage i Atea har tru på innovative anskaffelsar som grunnlag for utvikling av ny velferdsteknologi.

Tryggleiksteknologien Atea skal utvikla for Fjell, Øygarden, Askøy og Lindås skal støtta opp under og supplera den ordinære omsorgstenesta, ikkje erstatta henne. For tilsette i eldreomsorga i dei fire kommunane skal innføringa innebera ei kompetanseheving, er tanken.

Samskaping
Teknologioptimisten Vaage snakkar varmt om det han kallar samskaping – kontinuerleg (vidare)utvikling av teknologien i samarbeid med brukarar og omsorgstenesta.

Innovative anskaffelsar representerer ei utfordring i seg sjølv, med mange feller å gå i, ifølgje Vaage.

Mangel på eit felles språk hos omsorgspersonell og IT-programmerarar kan vera ei utfordring. Kan hende treng vi tospråklege ekspertar som kan gjera det einklare for representantane for dei to fagområda å snakka saman?

Personvern og datasikkerhet
Personvern og datasikkerhet er dei to store utfordringane i samband med innovative anskaffelsar i helse og omsorgstenesta. I eindel tilfelle kan det verta behov for lovendringar for å få utvikla løysingar ein ser det er behov for, hevdar Vaage.

Helsevesenet
Dei fleste innovative anskaffelseskontraktane er inngått i helsevesenet. Så langt er det inngått kring 180 slike kontraktar på landsbasis, ifølgje Menon Economics som har utført ein midtvegs evaluering av Nasjonalt program for leverandørindustrien. Eit tiltak initiert av NHO, KS og Difi.

Grunn til å vera uroleg
Vi kan ikkje stola heilt og blindt på IT. På seminaret i dag var det likevel dei positive historiane om velferdsteknologi og teknologien sitt potensiale vi fekk servert.

Eit lite unntak var det likevel: Sidan IT er ukjent land for tilsette i omsorgstenesta ser dei ikkje kva teknologien kan nyttast til. Konsekvensane for samfunnet om eindel av denne teknologien vert innført, gjev på den andre sida grunn til å vera uroleg, hevda dagleg leiar Jonny Klemetsen i Sonat.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s