CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Ein terminal for mottak og mellomlagring av CO2 frå norsk industri skal lokaliserast på CCB Kollsnes.

Her i naturgassparken ved CCB Kollsnes vil Statoil og Gassnova plassera det nye anlegget for mottak og mellomlagring av CO2

Dette melder Statoil og Gassnova i ei pressemelding no i ettermiddag.

Avgjerda er teken ut frå ein overordna evaluering av sikkerhet, tekniske og kommersielle vilkår, kostnadar og utvidingsmulighetar, seier prosjektleiar Sverre Overå i Statoil.

Avheng av statlege midlar
Bygging av ein landterminal med eit fullskala mottaksanlegg avheng av at Regjeringa set av midlar på budsjettet, venteleg i 2019. Stortinget skal behandla saka neste år.

Etableringa av eit landbasert anlegg for mottak av CO2 inngår i dei norske styremaktene sine planar for utvikling av fullskala CO2-handtering i Norge.

Frå industrien
CO2 vil bli fanga frå store landbaserte indstrianlegg på austlandet, og frakta med skip til Kollsnes. Her vil gassen verta lagra i tankar før han vert sendt vidare i rør til Trollfeltet der han vil verta injisert og lagra i permanent i Smedheiaformasjonen 1000 – 2000 meter under havbotnen.

Les: Kollsnes aktuelt som landanlegg for CO2

Gassnova tildelte i sommar Statoil  oppdraget med å gjennomføra konsept- og forprosjektstudier for lagring av CO2. Prosjektet har i ettertid blitt styrka av at Shell og Total har kome inn som samarbeidspartnarar.

Oppdraget er nylig utvida til å inkludera forprosjektet for skipstransport. Transport og lagring heng tett saman. Statoil og partnarane får no eit helhetlig ansvar for heile planleggingsfasen.

Varslar fleire kontraktar
No når lokaliseringa er avgjort, vil det verta tildelt kontraktar for planlegging av landanlegget, administrasjonsbygg og marine strukturar, prosessanlegg og rørleidningar frå landanlegget til injeksjonsbrønnen offshore.

Kollsnes var eit av tre alternativ i Statoil si sluttvurdering av løysing for lagring av CO2.

Gassco har gjort ein solid jobb med konseptstudien for transport, og vil framleis spela ei viktig rolle i det norske arbeidet for fangst og lagring av CO2.

 

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s