– Mottaksanlegget vil få internasjonal merksemd

Det herskar nøktern optimisme både i Øygarden kommune og i CCB i kjølvatnet av Statoil si avgjerd om å plassera eit mottaks- og landanlegg for CO2 på CCB Kollsnes.

På rådhuset i Øygarden har dei store forhåpningar til ein fullskala pilot for CO2-mottak og mellomlagring. Fv. rådmann Siri Fahlvik-Pettersen, ordførar Børge Haugetun og tidlegare ordførar Ottar Vik. (Foto: Øygarden kommune).

Eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO2 vil bety store investeringar, hektisk aktivitet og mange arbeidsplassar i Øygarden kommune.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Avheng av Regjeringa
Både i rådhuset i Øygarden og på CCB er dei veldig klare over at verkeleggjering av planane om mottak og mellomlagring av inntil 1,5 millionar tonn CO2 i siste instans avheng av positivt vedtak og løyving på kanskje fleire milliardar kroner frå Storting og Regjering.

Store ringverknadar
-Dette vert den største industrielle satsninga i Øygarden sidan Sture og Kollsnes, og vil kunna bety veldig mykje for nye Øygarden, seier ordførar Børge Haugetun i Øygarden i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Ei slik stor miljøsatsing vil få stor merksemd internasjonalt, er ordføraren overtydd om.

Nye Øygarden har ambisjonar om å verta eit fyrtårn når det gjeld ny teknologi. Ein fullskala pilot for lagring av  CO2 i den storleiken det her er snakk om vil ikkje berre vera viktig for miljøet. Det vil også gje grunnlag for industriell knoppskyting og oppbygging av eit høgteknologisk miljø, håpar Haugetun.

-Geografien var på vår side

Her i naturgassparken ved CCB Kollsnes vil Statoil og Gassnova plassera eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO2. – Geografien var på vår side. CCB Kollsnes er jo veldig nært Smedheia der gassen skal lagrast permenent, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS. (Foto: Øygarden kommune).

Konkurransen dei tre aktørane i mellom i finalen var knallhard.

-Vi vann første runde. Geografien var på vår side, konstaterer administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS på telefon frå Tenerife.

For CCB inneber dette først og fremst at dei no – endeleg – har fått gjennomslag for den mangeårige satsinga på Kollsnes.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s