Planlegg tiltakspakke mot køane

Ei båtrute til Ågotnes er berre eitt av tiltaka Fjell kommune vurderer for å få ned køane til og frå Sotra i rushtimane.

Køsituasjonen til og frå Sotra morgon og kveld oppfordrar til hastetiltak.

Korleis få ned køane til og frå Sotra?  På rådhuset jobbar dei på spreng med å sy saman ei tiltakspakke der både buss, båt og bil inngår, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell til nettavisa Tunnelsyn.no.

Køprising
Køprising, slik leiaren for Vest Næringsråd har føreslege, kan verta eitt av forslaga i tiltakspakken som Formannskapet skal ta stilling til 6. desember, seier Sandahl Bjorøy.

Knappetunnelen
Å få til ei direkterute frå Straume, Ågotnes og Skogsvåg gjennom Knappetunnelen til Sandsli/Kokstad og kanhende Oasen, er eit anna tiltak ordføraren gjerne ser vert realisert. Direkteruta står øverst på dagsorden når Sandahl Bjorøy møter Skyss i neste veke.

Les: Ekspressbuss til Fyllingsdalen og Sandsli

-Direkteruta har stått på dagsorden på tidlegare møte også. No vil Fjell pressa litt på for at ho skal verta ein realitet, seier Sandahl Bjorøy.

Båtruta
Ei båtrute mellom Ågotnes og Strandkaien vil også verta tema på møtet med Skyss, trass i at Utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune vende tommelen ned tidlegare denne veka.

Les: Lenge å venta på båten

Mykje truleg må Fjell satsa aleine, skal ei båtrute  kunna verta ein realitet. Å ta av fonda våre for å gjennomføra eit prøveprosjekt på eit halvt år, slik SV har føreslege, kan vera eit alternativ.

Kikkar til Askøy

Det hadde vore einklare å få til ei båtrute, om infrastrukturen i Fjell hadde vore som på Askøy, tenkjer Fjellordførar Marianne Bjorøy.

Det var mange tilhøve som samverka til at båtruta under Sykkelv VM vart ein suksess. Å få folk til å endra reisevanar er ei utfordring.  Fjellordføraren slit med mange uavklarte spørsmål om kva som skal til for å få folk til å nytta båten til arbeid, kvar dag…

For at båten skal vera eit attraktivt alternativ, måtte han helst hatt seks avgangar morgon og kveld. Ei båtrute kostar pengar, og noko meir er ikkje aktuelt, tenkjer Sandahl Bjorøy.

Nedslagsfeltet vil vera begrensa til fjellsokningar busette på Ågotnes, og på vestsida. Kanhende også Øygardsstrilar.

-Kva om prøveperioden på eit halvt år vert ein suksess? Om vi klarar få folk til å endra reisevanane sine. Korleis skal vi då følgja opp, spør Sandahl Bjorøy.

Alternativt? Kva om ruta ikkje lukkast? Då har vi brukt ganske mange pengar. Det hadde vore veldig greit om nokon andre hadde vore med å betala rekninga, seier Sandahl Bjorøy.

-Tenk om vi hadde hatt det som på Askøy, med tilrettelagt infrastruktur, med ein kai med stor parkeringsplass midt i sentrum, sukkar ordføraren i Fjell.

Les: 500.000 passasjerar

 

 

 

Advertisements

2 Comments

  1. Båt fra Sotra til sentrum er den beste løsning for å få ned kø i rushtiden. Samtidig med gode kollektive løsninger og gode parkeringsordninger ute i distrikt.
    Hva om det ikke er en suksess etter 6 mnd?
    Det vil bli en suksess , så lenge det tilrettelegges godt nok.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s