Under ein blygrå novemberhimmel

Kom hagl, kom sludd. Dei siste rosene bryr seg ikkje om vermeldinga.

Han trassar det iskalde regnet, Leonardo da Vinci.

Den innfødde vegetasjonen har lest verteikna. Nokre har teke fargeprakta på, andre har sagt farvel til bladverket for dette året. Ikkje slik med rosene. Hageeigaren frydar seg over at ei handfull av hagens dronningar trassar hagl og sludd under ein blygrå novemberhimmel.

Spreidde fargeklattar i ein stadig meir vinterfarga hage. Ein regnvåt Leonardo da Vinci formeleg ropar ut om kor hardfør han er.

Show me Sunshine strålar framleis. Eit bleikgult surrogat for den sola vi vestlendingar knapt har sett siste året.

Gråsten har bragt fram ei perfekt stilkrose, utolmodig etter å hentast inn i varmen.

Home and Garden har falda ut siste klasen med roser. Litt pjusk og merka av veret, med du så frodig!

Rosene som blømer no, er dei same som har halde fargeprakta oppe gjennom heile sesongen. Moderne roser.

Sarte roser? Ikkje desse! Som dei hagens dronningar dei er, har dei framleis knoppar under utvikling. Det vert ein spanande haust for hageeigaren.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s