Kommentar: Difor nøler Solvik-Olsen

Strilane skal ha råd til å køyra til og frå Sotra dei neste 30 åra – det treng ikkje Ruth Grung bekymra seg om!

Sotrasambandet
Det kan vera mange årsakar til at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen treng tid til å utarbeida bompengesøknaden og OPS-utlysinga for nytt Sotra-samband.

Sotrastrilen forvilar over køane til og frå fastlandet. Populistiske politikarar i alle leirar freistar slå mynt på situasjonen med å krangla om kven som har skulda for at bompengesøknaden og OPS-utlysinga for det nye Sotrasambandet går så sakte i Regjering og Storting.

Les: Solvik-Olsen held Sotrastrilen for narr

Internasjonalt lovverk
Det nye Sotrasambandet skal byggjast som eit offentleg – privat samarbeid. Ei avgjerd som kompliserer ein frå før kompleks konstraktsjus ytterlegare. Når OPS-prosjektet vert lyst ut på anbod, må anbodsgrunnlaget vera tilpassa internasjonalt lovverk.

Få norske entrepenørar har musklar nok til å vera aktuelle tilbydarar. Kinesiske entrepenørar derimot, har signalisert at dette kan vera eit passande prosjekt til å få innpass i ein ny marknad.

Kva forståing har politikarane våre om prosessane for offentlege anskaffelsar, eigentleg?

Levetidskostnadar
Vegdirektoratet har gjeve Statens vegvesen i oppdrag å finrekna på kostnadane. Ikkje berre for sjølve bygginga, men og for drift, vedlikehald og finansiering gjennom den 20 år lange OPS-perioden.

Les: Rekninga for Sotrasambandet kan enda på 20 milliardar

Drift og vedlikehald aleine vil truleg utgjera like mykje som byggjekostnadane, altså 9,7 milliardar kroner. Vi snakkar om eit prosjekt med ein totalkostnad på 20 milliardar kroner, eller meir.

Skal Sotrastrilen betala bompengar for drift, vedlikehald og finansiering også? Eller skal desse kostnadane dekkast direkte av Staten?

20 år
20 år med bompengar er lang tid. Korleis ta høgde for risiko i eit så kostbart prosjekt?

Med Høgre i regjering har prinsippet ”brukarane betalar” for alvor fått gjennomslag. Her i Bergensområdet vert det planlagt bomring etter bomring. Når innbyggjarane i noverande Sund og Øygarden skal til sentrum i framtida, må dei betala i heile tre bomringar. Korleis dette vil påverka reisevanane våre, gjenstår enno å sjå.

Les: Bompengekart for Sotrastrilar

Kostnadsramma for Askøy-pakken har sprukke med 45 prosent. Kva om det same skjer med Sotrasambandet?

Les: Kan det henda her?

Elbilane må bidra
Eit aukande tal elbilar såg ei stund ut til å kunna underminera inntektene frå bompengane. No ser det ut til at elbilane etterkvart vert så mange at dei må bidra, i det minste noko.

Dei mange bompengeprosjekta indikerer at bilistane vert sett på nærast som mjølkekyr.

Unge Sigrid Farestveit Neset i Ungdommens fylkesting uttrykt det tydeleg for politikarane i utval for miljø og samferdsel like før helga. Ungdomen si røyst er ikkje til å misforstå:

– La bilistane ta rekninga for betre kollektivtransport!

Endra rammevilkår
Stenginga av Lyderhorntunnelen nyleg understreka det vi inst inne har vist lenge: Eit nytt Sotrasamband vil slett ikkje løysa alle Sotrastrilen sine trafikale bekymringar.

Bergen byrjar nå sitt metningspunkt når det gjeld personbiltrafikk inn mot sentrum.

Les: Eit sjølvbedrag

I storbyar som Bergen er rammevilkåra for privatbilismen i rask endring. Kollektivtransporten skal ta unna veksten i reiseaktivitetane, er det vedteke. Regjeringa sine bymiljøpakkar, der Staten tek halve rekninga, premierer tiltak som bidreg til å innføra ny, miljøvenleg kollektivtransport.

Eit nytt Sotrasamband vil ikkje koma i ein slik kategori.

Snøggbåt
På Askøy ler dei av Sotrastrilen som satsar framtida si på eit nytt Sotrasamband. Der har dei i staden gjort snøggbåten til ein suksess. Ein halv million reisande vil i år ta båt framfor buss eller bil når dei skal til og frå øykommunen.

Les: 500.000 passasjerar

I Bergen har byråd for utvikling, Anna Elisa Tryti, kome med forslag om ein bybane på sjø, der båten vil vera eigna.

Teknologiutvikling
Nettavisa Tunnelsyn følgte debatten då utval for miljø og samferdsel i Hordaland diskuterte Transportplan båt sist veke.

Ingen tvil om at utvalet ser planane om eit batteridrive snøggbåtsamband til og frå Askøy som spanande. Sjølv Gustav Bahus (FrP) – Terje Søviknes sin våpendragar frå Os – talte varmt for at Hordaland fylkeskommune bør gripa denne sjansen til å bidra til å få utvikla ny norsk miljøteknologi som i neste omgang kan eksporterast. Ein batteridriven snøggbåt til Askøy er noko bør vi gå for, sjølv om politikarane synes det er drøyt at miljøteknologien vil bidra til å dobla kostnadane til oppunder 40 millionar kroner i året.

Utanfor reknestykket
I dag vert båt rekna som dyrt, samanlikna med andre reisemåtar. Det er berre eit tidsspørsmål når stat og fylkeskommune vil byrja ta veginvesteringane inn i totalkostnaden når dei reknar ut kor mykje dei ulike transportløysingane kostar per passasjer.

Målt opp mot eit nytt Sotrasamband til 20 milliardar, er det ikkje tvil om at båten vil vinna.

Bakspegelen
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har tidlegare vist at han er leiar i ei tid der gamle sanningar innan samferdsel vert utfordra. Det kan vera mange årsakar til at ting tek tid i Samferdselsdepartementet og i Regjeringa.

Eit nytt Sotrasamband finansiert med bompengar kan fort fortona seg som å køyra bil etter det ein ser i bakspeglen. Difor er det viktig å unngå fort- og galepolitikk der det å visa handlekraft vert viktigare enn å få til løysingar som står seg.

Advertisements

6 Comments

  1. Dette var en god og realistisk artikkel. Har delt den på Facebook. Jeg skjønner ikke hvorfor strilene legger seg flat for Bergen. Hadde strilekommunene gått sammen for å finne løsning om tverrsamband, tror jeg nok Bergen måtte vært mer ydmyk overfor sine naboer. Slik det ser ut nå vil vel det meste av bompengene havne i Bergen. Kan ikke tenke meg at strilene er fornøyd med det. De fleste kommunene må innom Bergen for å komme seg ut av egen kommune. Det bør de absolutt prøve å komme bort fra.

    Likar

    1. Takk for at du delte!
      Når det gjeld bompengane, vil dei som vert krevde inn på Sotrasambandet, verta nytta på Sotrasambandet. Dei som vert kravde inn i Bomringen i Bergen derimot, havnar innanfor bygrensa.

      Likar

      1. Føler det er litt viktig å få frem at de fleste som skal ut, eller inn i en strilekommunene må innom bomringen i Bergen. Så det er ikke bare Sotrasambandet som koster.

        Likar

  2. Takk for alltid opplysende informsjon i avisen. Dette siste om Sotrasambandet var virkelig en a-ha opplevelse.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s