Håpar på EU-pengar til CO2-rensing

CO2 frå rensing av naturgass i Nederland kan verta frakta med skip til mottaksanlegget ved CCB Kollsnes.

I Nederland planlegg Statoil å byggja om gasskraftverket Magnum til eit reint hydrogenkraftverk. CO2 som vert fjerna frå naturgassen kan i så fall verta frakta til mottaksanlegget ved CCB Kollsnes for vidaretransport i rør til Smedaheia og lagring under havbotnen.

Same dagen som Statoil avgjorde at eit mottaks- og mellomlagringsanlegg for CO2 skal plasserast på CCB Kollsnes, drog konsersjef Eldar Sætre til Brussel i håp om å henta pengar til prosjektet.

Avgjerda om lokalisering på CCB Kollsnes vart gjort med forbehald om statlege midlar til gjennomføring av prosjektet.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Regjeringa sår tvil
Fangst og lagring av CO2 vil belasta Statsbudsjettet med fleire milliardar kroner årleg i mange år, ifølgje Finansavisen.

I forslaget til Statsbudsjettet for 2018 er støtta til vidare utgreiing kutta med 95 prosent. Noko som har skapt tvil om Regjeringa sin vilje til å gjennomføra dei ambisiøse klimamåla.

EU-midlar
Torsdag møtte Eldar Sætre klimakommisær Miguel Arias Canete i Brussel. Her stod fangst og lagring av CO2 på dagsorden.

-Eg trur i alle fall at noko av det vi jobbar med som går på tvers av landegrenser, kan vera prosjekt som er aktuelle for EU-midlar, seier Sætre.

Stor lagringskapasitet
Statoilsjefen ønskjer at Norge skal ta rolla som dirigent for det internasjonale arbeidet med CO2-fangst og lagring. Reservoaret i Smedaheia ved Troll har kapasitet til å lagra langt meir CO2 enn det som vert planlagt fanga i eit fullskala norsk industrielt prosjekt.

Hydrogenkraftverk
Eitt av dei internasjonale prosjekta Statoilsjefen har i tankane er ombygginga av det nederlandske gasskraftverket Magnum til eit reint hydrogenkraftverk.

Tanken er å fjerna CO2 frå naturgassen og lagra karbonet under havbotnen. Planlegginga skjer saman med Vattenfall og Gasunie, ifølgje Finansavisen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s