Kuttar i intensjonsavtalen

Kommunestyret i Nye Øygarden bør berre ha to eller tre utval.

Forslaget om å redusera talet på utval frå fire til to eller tre, kom frå Ernst Morten Einarsen (H), i følgje referatet.

Nye Øygarden skal ha sterkt lokalt sjølvstyre, vert det slege fast i intensjonsavtalen som låg til grunn då kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden vedtok å slå seg saman til ein kommune.

Som eit verkemiddel til å skapa engasjement hos politikarane, skal den nye kommunen ha fire utval, i tillegg til formannskapet. Dei fire utvala skal ta for seg oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker, i følgje intensjonsavtalen.

Kuttar utval
Intensjonen om fire utval haldt heilt til første møtet i underutvalet for politisk styringstruktur i Fellesnemnda. Då fekk Ernst Morten Einarsen (H) fleirtalet med seg på at:

To eller tre utval er nok, meinar dei sju politikarane i det nyoppretta utvalet som skal avgjera den politiske styringsstrukturen i den nye kommunen.

Overordna
Formannskapet skal vera eit overordna utval i tillegg til dei to eller tre utvala.

Korleis ein slik utvalsstruktur kan tenkjast organisert, og kva emner dei ulike utvala skal ta føre seg, skal utvalet få ei eiga sak på i neste møte.

45 folkevalde
Intensjonsavtalen legg opp til at det skal vera 45 representantar i kommunestyret. Det er ikkje føreslege å kutta i talet på folkevalde i kommunestyret, ifølgje ei epost Einarsen har sendt nettavisa Tunnelsyn.no.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s