Her kjem nye hurtigladestasjonar

Snart utplasserer Hordaland fylkeskommune tre nye hurtigladestasjonar i kommunane vest for Bergen.

Døme på multistandard hurtigladar der alle typar elbilar skal kunna lada batteriet på under 20 minutt. (Arkivfoto: Enova).

Kring halvparten av alle nye bilar som vert kjøpt i kommunane vest for Bergen går no på straum.

Les: Nybilsalet flatar ut

Hordaland fylkeskommune ønskjer å oppmuntra enno fleire til å køyra elbil, og vil gjerne bidra til å gjera det praktisk å køyra miljøvenleg. Fylkeskommunen har difor løyvd 3,7 millionar kroner til montering av 27 multistandard hurtigladestasjonar langsmed dei mest trafikkerte vegane i fylket.

Les: Elbilane kosta dyrt

Tjeldstø og Klokkarvik
To av stasjonane skal monterast på Tjeldstø i Øygarden, ein på Klokkarvik i Sund, framkjem det av ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Det vil også koma to nye stasjonar i Loddefjord.

Når desse siste hurtigladestasjonane er på plass, vil elbileigarane kunna lada batteriet på under 20 minutt i samtlege kommunar i fylket, med unntak av Fedje, ifølgje Hordaland fylkeskommune.

Alle stasjonane vil vera multistandard, slik at alle typar elbil skal kunna nytta dei.

Nytt forretningsområde
Drift av hurtigladestasjonar peikar seg ut som eitt nytt forretningsområde der straumleverandørane ser ut til å utkonkurrera dei tradisjonelle bensinstasjonane.

Dei offentlege tilskota er tildelt etter ein konkurranse der tilbydar med lågast pris vinn. Tilbydar må sjølv dekka resten av kostnadane i samband med utbygging og drift.

BKK skal stå for monteringa og drifta av hurtigladestasjonane på Tjeldstø. I Sund er det Fortum Charge & Drive som får ansvaret.

Ingen bensinstasjonar har fått tildelt tilskot til hustigladestasjonar i denne runden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s