Ny Bergen Group-sjef rekrutterer gjerne lokalt

– Vi er nøydd til å ha fast tilsette, skal vi kunna gjera tinga rett første gongen, og leva opp til norske kvalitetskrav, seier nytilsett konsernsjef Torgeir Nærø i Bergen Group ASA.

Torgeir Nærø, nytilsett konsernsjef i Bergen Group ASA har store forventingar til framtidig vekst.

I eit eksklusivt intervju med nettavisa Tunnelsyn snakkar den nytilsette konsernsjefen i børsnoterte Bergen Group ASA om forventningane til ny vekst i kjølvatnet av den nær totale restruktureringa verksemda har vore gjennom siste åra.

Torgeir Nærø avløyser Hans Petter Eikeland, som er blitt ny styreleiar, i stillinga som konsernsjef. Før det var han fem år i dotterselskapet Bergen Group AAK AS på Kokstad og på Straume.

Hjørnesteinsverksemd
Etter at AGR ASA og Oceaneering pakka saman og forsvann, er Bergen Group ASA ei av dei få store offshorerelaterte hjørnesteinsverksemdene som er att på Straume. Bergen Group si historie på Straume strekkjer seg tilbake til våren 2015 då dei kjøpte verksemda til tidlegare Fjell Industries.

I dag er anlegget på Straume ein viktig del av konsernet si satsing inn mot energi- og industri-marknaden. All prefabrikasjon skjer her, og kring 85 av dei 220 tilsette i konsernet har basen sin her. Til saman genererte Straume-avdelinga kring fjerdedelen av konsernet si samla omsetning på nærare 209 millionar kroner dei ni første månadane i år.

Alle oppgåver som tilseier at det er behov for kai, slipp eller dokksetjing skjer imidlertid ved avdelinga på Laksevåg, eller på Håkonsvern der dei har langsiktige rammeavtalar med Sjøforsvaret, fortel Nærø.

Statsraad Lehmkul
Bergen Group har ein sjeldant brei tilnærming til marknaden. Rammeavtale på maritim service og skipsteknisk vedlikehald til Norled sine 80 ferjer bidreg godt til den uteståande ordrereserven på 137 millionar ved utgangen av tredje kvartal.

At verksemda nyleg kunne feira ein rammeavtale med Stiftinga Statsraad Lehmkul om langsiktig vedlikehald og oppgradering av Bergen si stolte seglskute, skuldast langt på veg at Bergen Group over fleire tiår har bygd opp ein omfattande kompetanse på avansert skipsteknisk vedlikehald. Dei er ei av få lokale verksemder som framleis meistrar kunsten å klinka stålplatene i eit skrog.

– Eg er glad vi får lov å bruka den sjeldne kompetansen, smiler Nærø.

Oppover
Den brutale restruktureringa verksemda har vore gjennom dei siste åra skal etter planen vera avslutta før nyttår. Etter det kan det berre gå ein veg – oppover, er styre og leiing samde om.

Røranlegg og prosessteknologi til olje og gass, og til fiskeindustrien, har vore eit av Bergen Group sine satsningsområde. Nærleiken til subsea-klyngen på Ågotnes har til no ikkje generert dei store aktivitetane.

Maritim service er eit stikkord for framtidsplanane. Skip, dokk og offshore olje og gass, særleg innan plattform og rigg, vil ta seg sterkt opp att frå neste år og fram mot 2023, er Nærø overtydd om.

– Under offshorekrisa har oljeselskapa halde tilbake investeringane og ikkje gjort meir enn dei har vore nøydde til. Aker BP, Lundin. Point Resources (tidlegare Exxon Mobil, red. merk) og Statoil har brukt lavprisperioden til å utvikla mange nye prosjekt som no skal verkeleggjerast i nær framtid.

– Vi skal veksa med marknaden. Samstundes skal vi vera opne for å vurdera andre marknadsområde som kan gje gode synergieffektar, seier Nærø.

Pioner innan offshore vind
Meir ukjent for dei fleste er det at Bergen Group gjennom dotterselskapet Bergen Group AAK, er ein av pionerane innan offshore vindkraft. Alt i 2009 gjorde dei sine første leveransar til det tyske Alpha Ventus-prosjektet. Tyskland konkurrere med Storbritannia om å vera nummer ein på offshore vind, følgd av Danmark. Bergen Group har ein fot innanfor i begge leirane, ifølgje Nærø.

Siste oppdraget var installasjon av to transformatorstasjonar på den tyske offshoreparken DolWin. Her har dei også bidrege med beredskapsplanlegging, mekaniske tenester og installasjon ute på feltet.

Les: Klart for flytande vindkraft

Design og konstruksjon på megafeltet er det ABB og Aibel som har hatt ansvar for. Bergen Group er ein nisjeleverandør. Det hindrar dei likevel ikkje frå å anstrengja seg for å koma inn i varmen hos andre leverandørar, som Statoil. I skotske Hywind nådde dei likevel ikkje opp i konkurransen.

Partnarskap
– Bransjen har vore dominert av turbinleverandørar som Siemens og Vestas. Vi er avhengig av å få til dei rette partnarskapane i dei nisjane vi har kompetanse, som innan mekanisk vedlikehald og vedlikehald av roterande utstyr. Rammeavtalen med Siemens har vi store forventningar til, seier Nærø.

Når Nærø ser i krystallkula, ser han ein betydeleg vekst i marknaden for vindkraft, både offshore og på land. Kostnadane i Norge vert målt opp mot prisen på vasskraft. Her er ikkje offshore vindkraft konkurransedyktig med dagens kraftprisar, og vil heller ikkje verta det på mange år. Vidare utbygging av det norske kraftnettet mot Sverige, Danmark og Storbritannia vil imidlertid føra til gradvis auka kraftprisar her heime, og då vert marknadssituasjonen ein annan, er han overtydd om.

Fjerna politisk risiko
– Fornybar tek stadig større del av energiproduksjonen i Nord-Europa. Dong har no tilbod ute etter leveransar på offshore vind i Tyskland der det ikkje vil vera behov for statlege subsidiar.

– Dong har fjerna den politiske risikoen som ligg i subsidieregimet. Reint kommersielle vindkraft-prosjekt offshore vert ei kjempeutfordring for konkurrentane, og vil føra til ei langt heftigare tempo i utbygginga i Tyskland og Storbritannia, seier Nærø med dårleg skjult forventing.

Fryktar ikkje digitalisering
Digitalisering, robotisering og Industri 4.0 opnar mange mogelegheiter, men er også er dei store truslane i norsk industri om dagen. I Bergen Group leverer dei handfaste produkt. Digitaliseringa alle snakkar om vil difor få mindre betydning, unnateke som del av støttefunksjonane, hevdar Nærø.

– Automasjon er ein integrert del av dei einingane vi produserer. Den utviklinga er vi med på, sjølv om automasjon ikkje er eitt av våre kjernefag, seier konsernsjefen i Bergen Group.

Rekrutterer gjerne lokalt
Den breie tilnærminga gjer at Bergen Group vil ha aukande behov for kompetanse innan sveis, mekanisk, tilkomstteknikk, elektro og overflate.

– Bergen Group baserer aktiviteten hovudsakleg på eigne fast tilsette. Vi konkurrerer oftast med verksemder som har innleigde eller utanlandske kontraktørar. Vi er opptekne av heile tida å vidareutvikla kompetansen i eigne organisasjonar, og å tilby produkt som tilfredstiller norske kvalitetskrav. Det kunne vi ikkje ha gjort om vi var avhengige av kontraktørar. Ein elektrikar frå Romania, til dømes, kjenner ikkje alltid dei norske standardane. Dei som skal jobba for oss bør kunna det norske regleverket, og dei bør kjenna den norske arbeidsmiljøpolitikken, seier Nærø og haustar med det sikkert applaus frå LO, NITO og andre arbeidstakarorganisasjonar.

– Veldig kjekt om vi kan rekruttera lokalt. Det vert einklare for oss om dei nytilsette kan sokna til kontoret her på Straume, seier den nye konsernsjefen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s