Askøypolitikarar samla bak krav om gransking av VA-investeringar

Askøy kommune får knusande kritikk for manglande rutinar for gjennomføringa av milliardinvesteringar innan vatn og avløp.

Roald Stenseide (FrP) og Bård Espelid (AL) fronta kravet om forvaltningsrevisjon av Askøy kommune sine milliardinvesteringar i vatn og avløp.

Som nettavisa Tunnelsyn skreiv i fjor vår, vekte det eit breidt politiske opprør i Askøy at kostnaden for oppgraderinga av det kommunale vasseverket Mølledammen gjennom fleire omgangar vart fleirdobla frå 19 til 85 millionar kroner.

Kravde forvaltningsrevisjon
Politikarane fann kostnadssprekken så påfallande at dei kravde ein forvaltningsrevisjon av kommunen sine investeringar i vatn og avløp. Askøylista og varaordførar Bård Espelid stod saman med opposisjonen i kravet om ein full gjennomgang av rutinane.

– Dette er ein kostnadssprekk, ikkje ein justert kalkyle slik rådmannen freistar framstilla det, hevda Roar Stenseide (FrP) då Formannskapet behandla ekstraløyvinga.

Varaordførar Bård Espelid (AL) reagerte særleg på at dei manglande grunnundersøkingane i forkant av arbeidet frå administrasjonen si side vart freista framstilt som noko positivt.

– Dette speglar ein kultur vi ikkje kan ha i kommunen vår, sa Espelid (AL) den gongen.

Les: Vassverksbudsjett på leirgrunn

Nådelaus
No får kritikarane full støtte frå revisjonsverksemda Deloitte. Granskingsrapporten som vart lagt fram for dei folkevalde på siste møte i Kommunestyret, er nådelaus:

– Det føreligg ikkje eit felles og heilskapleg system for prosjektstyring i VA. Det inneber at det for mange fasar og aktivitetar i gjennomføringa av eit investeringsprosjekt ikkje føreligg formelle retningsliner og rutinar, konkluderer revisjonsverksemda samstundes som dei listar opp ei rekkje punkt der rutinane må skjerpast.

Les: Gav Kontrollutvalet vide fullmakter

Korrupsjon
Uavhengig av forvaltningsrevisjonen var det nyleg kjent at ein leiar i Askøy kommune med ansvar nettopp for vatn og avløp, skal granskast for korrupsjon.

Den betrudde leiaren skal over ein seks årsperiode ha tildelt verksemda til ein nærståande oppdrag for til saman 33,6 millionar kroner.

Les: Askøyleiar skal granskast for korrupsjon

Milliardinvestering
Askøy kommune har vedteke investeringar på totalt 2,7 milliardar kroner i vatn og avløp fram mot 2020. Tidlegare i haust vart det kjend at kommunen ikkje klarar å gjennomføra den planlagte utbyggingsstakten.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s