Skal utreda bybane til Storavatnet

Etablering av eit «høgkvalitets kollektivsamband» mot vest vert det siste av fire hovudelement i forslaget til ny bypakke for Bergen.

Meir enn 25.000 daglege kollektivreisande på strekkja Storavatnet – sentrum, eller Storavatnet – Fyllingsdalen kan rettferdiggjera bygging av bybane. (Foto: Hordland fylkeskommune)

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen sluttar seg til Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune sitt forslag til ny bypakke for Bergen, ifølgje ei pressemelding frå samferdselsdepartementet.

Bompengesøknad
Bypakken inngår som del av byvekstavtalen for Bergen. Her vert det lagt opp til at kollektivtransport skal ta unna den framtidige veksten i transportbehov i Bergensområdet. No skal bypakken, som i store trekk eigentleg er ein bompengesøknad, leggjast fram for Stortinget.

Pakken legg opp til å henta inn kring 11 millionar kroner frå bilistane i Bergensområdet frå 2018 og 20 år fram i tid. Mellom anna skal det utplasserast nye bomstasjonar vest for Lyderhorntunnelen retning Sotra.

Nede på lista
Å betra kollektivtilbodet for reisande mot Sotra, Askøy og Bergen vest vert eit prioritert tiltak, men først etter forlengjinga av bybanen til Fyllingsdalen og Åsane, bymiljøtunnel i Bergen sentrum og ringveg aust, ifølgje pressemeldinga.

Samferdselsministeren slår fast at det skal etablerast eit «høgkvalitets kollektivsamband» retning Bergen vest.

Bak den heller vage formuleringa skjuler det seg høgttenkjing på Regjeringsnivå. Ein ny kollektivterminal ved Storavatnet inngår som ein del av reguleringsplanen for nytt Sotrasamband. Det er koplinga frå denne nye kollektivterminalen, utover mot Sotra og Askøy og innover mot Laksevåg, Fyllingsdalen og sentrum som samferdselsministeren skisserer omrisset av, ifølgje fylkesdirektør for samferdsel Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune.

Passasjertalet avgjer
Kva løysing som til sist vil verta vald, avheng mellom anna av talet på reisande som dagleg nyttar kollektive transportmiddel på dei ulike strekkjene:

– Dersom det viser seg at det er meir enn 25.000 daglege kollektivreisande på delar av strekninga, kan bybane vera ei aktuell løysing, seier samferdselsdirektøren til nettavisa Tunnelsyn.no.

Langt fram
Handlingsplanen til bypakken skal behandlast i Fylkestinget i desember.

Val av rutestruktur, eventuelt bane, skal utgreiast i ein kommunedelplan som er utarbeiding i Bergen kommune. Ei endeleg avgjerd om kollektivtrafikken i retning Bergen vest ligg langt fram i tid, ifølgje Rasmussen.

Det føl ingen ekstra midlar med dagens kunngjering, ifølgje Rasmussen. Når det gjeld finansieringa av forlengjinga av bybanen til Fyllingsdalen, har Staten lova å ta halvparten av rekninga.

Skeptisk
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell har tidlegare uttrykt skepsis mot at Fjell/ nye Øygarden skal gå inn i ein utvida bymiljøpakke på eit seinare tidspunkt, avdi premissane for innhaldet i pakken då vil vera lagt.

Les: Fortetting, fortetting, fortetting…

Stengninga av Lyderhorntunnelen nyleg viste at Sotrastrilen sine trafikkproblem langt frå vil vera løyst når det nye Sotrasambandet er på plass.

Les: Eit sjølvbedrag

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s