Varslar ein blå revolusjon

Utplassering av biologiske, bakteriologiske og molekylære sensorar i stor skala i havet vil revolusjonera kunnskapen om eit stort og ukjend miljø. Skal dei store datamengdene vera kommersielt interessante, må dei vera tilgjengelege i sanntid.

Norge har ei av verdas aller lengste kystlinjer. No må vi verta flinkare til å samla inn kunnskap og danna grunnlag for blå vekst, oppfordrar forskarane.

Med heile 103.000 kilometer kystline er vesle Norge heilt i topp i verdssamanhang, nest etter Canada. Skulle berre mangla at vi ikkje freistar dra fordelar av denne unike geografiske posisjonen i ei tid der søkjelyset på havet sitt potensiale for matproduksjon og ressursutvinning aukar veldig.

Les: Revolusjonerande sårbehandling kan mangedobla inntekta for fiskarane

For å stimulera til kunnskapsutveksling og nytenking om temaet, inviterer GCE Subsea, saman med NCE Seafood og NCE Maritime Cleantech, forskarar, gründarar og andre interesserte til havlunsj med føredrag kvar tredje torsdag i månaden.

Blå vekst
-Kystområda er dei områda som har største potensialet for vekst og skaping av nye arbeidsplassar, likevel veit vi mindre om kva som skjer i denne sona enn på dei store havdjupa, hevdar forskar Dominique Durand ved Uni Research.

Miljøet i havet er samansett og komplekst. Takka vere strenge krav til utslepp i samband med olje og gassutvinninga i Nordsjøen, har Norge blitt leiande på integrert miljøovervaking.

Utplassering av fysiske og kjemiske sensorar har lenge bidrege til å utvida kunnskapane våre. Store datamengder om temperaturendringar, straumtilhøve, lystilhøve, surhet og algevekst er etterkvart samla inn og gjort tilgjengelege for forskarane utan kostnad.

Les: Skal setja fart på havindustrien

Fleire parametre
– Skal vi kunna forstå vilkåra for blå vekst, vil det vera behov for kontinuerleg overvaking og integrasjon av langt fleire parametre enn dei ein har tilgang til i dag, hevdar Durand.

Utplassering av biologiske sensorar vil kunna gje kontinuerleg førstehands informasjon om korleis skjel, til dømes, reagerer på endringar i vassmassane. Snart byrjar utvikling og utplassering av bakteriologiske sensorar som reagerer på ulike bakteriar i vassmassane og på molekylære sensorar som måler biomasse, er Durand overtydd om.

– Norge må vera med på biotech-revolusjonen, oppfordrar Durand.

I sanntid
– Skal desse datamengdene kunna nyttast i kommersielle frontend-applikasjonar som havbruksnæringa og fiskeria kan ha nytte av, må dataene vera tilgjengleg i sanntid, hevdar Olav Rune Godø, forskar ved Havforskinga og ein av nestorane i det norske miljøet for integrert havovervaking.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s