Fellesnemnda skal velsigna kommunebudsjetta

Fellesnemnda for nye Øygarden skal uttala seg om budsjett- og økonomiplanane i Fjell, Sund og Øygarden for 2018.

Er investeringsplanane i Fjell, Sund og Øygarden i samsvar med føringane for nye Øygarden? Fylkesmann Lars Sponheim vil at Fellesnemnda skal ha siste ordet om budsjetta i kommunane for 2018.

Det var prosjektleiar Paul J. Manger som fortalte dette under dagens møte i Fellesnemnda.

Inititiv frå fylkesmannen
– Det er fylkesmannen som har teke initiativ til å gjera det på denne måten, seier Manger.

Heitt tema
Budsjett- og økonomiplanane for neste år og dei komande åra er for tida heite tema både politisk og på rådhusa i kommunane vest for Sotrabrua.

Knappe ressursar skal fordelast til lovpålagte føremål, og komande års investeringar skal vedtakast. Vedtak som vil leggja føringar for økonomien også etter at nye Øygarden er eit faktum 1.1.2020.

Handlingsrom?
Etter at kommunestyra har sagt siste ordet, skal Fellesnamnda uttala seg. Er investeringane i samsvar med føringane for den nye kommunen? Vil den nye kommunen få eit naudsynt handlingsrom? er to av spørsmåla Fellesnemnda skal ta stilling til.

Kva om dei seier nei?
Kor tungt Fellesnemnda skal kunna involvera seg i det som til no har vore kommunane sine interne avgjerdsler, vert det ikkje sagt noko om.

Kva som skjer i tilfelle Fellesnemnda set foten ned for planlagte investeringar i ein av kommunane, er difor førebels eit ope spørsmål.

Usikker på oppskrifta
Noko tilsvarande har ikkje vore gjort tidlegare. Korleis oppdraget skal gjennomførast rein praktisk, er Manger difor framleis usikker på. Her planlegg prosjektleiaren å samrå seg med andre i same situasjon, og i dialog med fylkesmannen.

Fellesnemnda har frist til 1. februar med å uttala seg. Manger ser for seg at budsjett- og økonomiplanane for Fjell, Sund og Øygarden vil verta tema på Fellesnamnda sitt møte 22. januar.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s