Skallebank slepp skattepine

Kva er ein medlemsorganisasjon, eigentleg? Formannskapet i Askøy haldt på å få hovudverk då dei diskuterte korvidt Skallebank MC skal få fritak for eigedomsskatt.

Samfunnsnyttig medlemsorganisasjon open for allmenta.

Tre søknadar om fritak for eigedomsskatt låg på bordet då Formannskapet i Askøy møttes i dag. HetlevikAlliansen, Folkets Hus og Skallebank MC.

Eigedomsskattelova §7 tilseier at samfunnsnyttige stiftingar eller institusjonar etter søknad kan få helt eller delvis fritak for eigedomsskatt. Kvar einskild søknad vert avgjort av kommunestyret ut frå skjønn.

Fekk hovudverk av Skallebank
Rådmann Eystein Vennesland hadde på førehand innstilt på å gje fritak til dei to første, men ikkje til klubbhuset til Skallebank MC.

Temperaturen i debatten tok av då vurderinga av Skallebank MC kom opp. Rådmannen si innstilling om at MC-klubben er ein lukka medlemsklubb der berre betalande medlemmar har adgang, og der samtlege medlemmar må godkjenna nye søkjarar, fekk Elsa Benjaminsen til å venda tommelen ned.

– Å gje fritak for ein lukka klubb som ikkje er open for allmenta, kan gje presedens, åtvara Benjaminsen.

– Det er heilt naturleg at klubbhuset ikkje er ope for allmenta når dei har ein verkstad med utstyr som kan vera farleg, innvende Rosalind Fosse og fremma forslag om fritak.

Manglar inntekt
FrP-representanten framheva MC-klubben som ein seriøs aktør, med aktivitetar mellom anna for ungar. Til deira fordel taler også det at dei ikkje har inntekt som dei kan bruka til å betala eigedomsskatten med, men at medlemmane står ansvarleg for å dekka alle utgifter. Folkets Hus, derimot, har inntekt som dei kan betala eigedomsskatten med.

– Er alle andre klubbhusa i Askøy fritekne frå eigedomsskatt, undrast Benjaminsen?

– Det avgjerande her er ikkje kva huset vert kalla, men kva aktivitetar institusjonen driv på med, orienterte sakshandsamar Kristian Vangen.

Lukka organisasjon
– Det vert argumentert med at dette er ei lukka forsamling. Om det er noko argument, måtte det også ha blitt brukt mot fritak for Folkets Hus. Arbeiderpartiet er også ei lukka forsamling. Om partiet går mot at Skallebank får fritak, vil opinionen snakka om forskjellsbehandling. Skallebank introduserer barn og unge til konstruktiv aktivitet, freista varaordførar Bård Espelid (AL) å snu stemninga.

– Arbeiderpartiet er ikkje nokon lukka forsamling. Partiet er ope for alle som er medlem, innvende Jannicke Clarke (A).

KrF vurderer medlemskap
– Arbeiderpartiet har ein eige eksklusjonsparagraf. Eg veit ikkje om Skallebank har noko tilsvarande, sa Espelid.

– Denne organisasjonen er lukka, Opptak av nye medlemmar må vera samrøystes. Kva er det dei eigentleg held på med, freista Miriam Haavik (A) å støtta sine partifeller.

– Sjølv eg kunne ha blitt medlem, om eg hadde kjøpt meg motorsykkel. Veit ikkje kor strikt dei er på det, innvende Vigleik Stoveland (KrF).

Habile eigarar
Askøy Arbeidarparti eig fjerdedelen av det tre etasjar høge Folkets Hus. Ein diskusjon om korvidt medlemmane i Askøy Arbeidarparti var inhabile til å diskutera skattefritak for Folkets Hus, var difor ikkje til å unngå. Sidan Ap-politikarane ikkje dreg verken fordel eller ulempe av eigarskapen, vart dei vurdert som habile til å delta i debatten.

Siv Høgtun (H) og Rosalind Fosse (FrP) er begge av prinsipp mot eigedomsskatt. Høgre var likevel innstilt på å følgja rådmanne si vurdering av at eigarane bør betala eigedomsskatt for den delen av Folkets Hus som vert leigd ut til næringsverksemd. Noko anna ville vera å senda feil signal til resten av næringslivet i kommunen, meinte Thorleif Thorsen (H).

Alle får
Debatten enda med at eit samrøystes formannskap tilrår at alle tre søkjarane får fritak for å betala eigedomsskatt, og at dei vert førte opp på kommunen si fritaksliste.

Om det er nokon som har skallebank i mc-klubben på Kjerrgarden i kveld, skuldast det i alle fall ikkje eigedomsskatten…

Budsjettdebatten
Den lite populære eigedomsskatten kjem elles opp som eige punkt først i budsjettdebatten i kommunestyret i desember, varsla Elsa Benjaminsen (A).

Korvidt Askøy skal droppa heile eigedomsskatten, vil verta fremma som eiga sak, men først utpå nyåret, varsla Venneslan.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s