– Dei har fått det med seg!

Kulturminne engasjerer, og i Fjell er det mange som håpar at nett deira gamle bygg skal vera verd å takast vare på i kulturminneplanen.

Fjell har eit rikt utval av kulturminne, frå heilt tilbake til steinalderen og fram til i dag.

Les: På sporet av dei aller første Sotrastrilane

Les: Viktige innspel – krevjande prioriteringar

Midtvegsorienteringa i arbeidet med Fjell sin første og einaste kulturminneplan lokka historie- og kulturinteresserte frå heile kommunen.

Kulturminneplanen skal berre omfatta faste kulturminne, som bygg, gamle steinmurar og naust. Dialektuttrykk, forteljingar eller bilete vert ikkje omfatta.

Rask folkevekst og utvikling gjera at vi diverre ikkje har vore like flinke til å ta vare på alt. Nær 20 prosent av registrerte bygg reist før 1900 har alt blitt rivne.

-Kulturminna er ein del av identiteten vår. Difor vert det så viktig å velja kva vi skal ta vare på for ettertida. Kva er verd å takast vare på? Kva skal vi prioritera? spurde saksordførar Andreas Sjalg Unneland.

No inviterer Unneland til ein ny runde med innspel frå innbyggjarane.

Normann Lillebø og Marit Schmidt Lie har danna aksjonsgruppe av tidlegare elevar for å ta vare på den gamle skulestova på Brattholmen.

Arbeidsgruppa har alt fått mange innspel, som det frå aksjonsgruppa av tidlegare elevar ved Gamle Brattholmen skule.

Les: Dannar aksjonsgruppe for gamleskulen

Sjølv om ingenting er avgjort enno, valde likevel representanten for dei tidlegare elevane, Normann Lillebø, så sjå det positive i at skulehuset som vart reist i 1876 var mellom dei prosjekta som vart særleg framheva i presentasjonen.

-Dei har fått det med seg, konstarterte Lillebø.

Gamle Straumsbru vart bygd i 1924. For å sikra ferdsla mellom fiskeområda nord og sør for brua er sjølve brua utstyrt med ein heve- og seinkemekanisme.

Det same vart Gamle Straumsbru, og Borgstova på prestegraden på Fjell gard, som Eldrerådet har engasjert seg for å få restaurert.

Nokre av prosjekta er i betre stand enn andre. I andre tilfelle vil ei avgjerd om bevaring innebera forventing om store økonomiske investeringar.

-Det vi vel å ta vare på, vil spegla dei rådande verdiane i notidas samfunn, seier Unneland.

Les: Gamle Straumsbru: Utbetra eller stenjga?

Les: Det hastar med å reparera Borgostovo

Opplysningsvesenets fond vil gjerne riva. Fjell kommune vil bevara. I kjølvatnet av det aborterte restaureringsprosjektt hausten 2015 har Borgstova stått utan takpanner, vestvegg og vindauge.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s