Pionerar på oppalsfisk

Norsk oppdrettsnæring som ønskjer å freista lukka i  Søraust-Asia må vera førebudd på å konkurrera med ein arbeidsintensiv, familiedriven lavkostindustri.

Steikt karpe, klar til servering – eit festmåltid. Smakar himmelsk saman med ris og den sursaltaktige fiskesausen nuóc châm. Ein fisk på oppunder ein kilo mettar ein heil familie.

(Denne saka skreiv eg etter mitt første besøk i Vietnam og Kambodsja i 2005. Saka vart først publisert på bloggen Skrablikk.blogspot.no)

Eit besøk på dei flytande landsbyane på Mekong eller på Tonle Sap-sjøen i Kambosja kan fråta ein nordmann alle illusjonar om at det var vi nordmenn som ”oppfant” fiskeoppalet. Her har cham-folk, kambodsjanarar og vietnamesarar bokstaveleg tala budd oppå oppalsfisken sin i generasjonar.

Flytande landsbyar er eit fellestrekk for både Vietnam og Kambodsja. Grå og verbitne duvar landsbyane på det brungule, sakteflytande vatnet i takt med tidevatnet og monsunregnet. Berre unntaksvis finn vi eit hus som er måla, og då helst i en bleik, lysblå farge.

Flytande oppdrettsanlegg på Tonle Sap-sjøen. Her bur familiane oppå oppdrettsfisken sin. Eigarane representerer den aukande middelklassen i Kambodsja. Legg merke til at huset er måla – Jotun er ein stor leverandør.

På avstand er det ingenting som røpar at dette er noko anna enn ein fattigsleg landsby. Heilt til du stig om bord i eit av dei uventa romslege husa. Ei enorm seng i teak, og med nitide utskjæringar eller speglar i hovudgavlen dominerar det einaste rommet. Elles er huset så godt som tomt for møblar.

Fiskefôr
I det skuggefulle vatnet under husa skjuler familien levebrødet sitt. Inntil 80 tonn oppalsfisk, av dei tropiske fiskeslaga kan skjula seg under kvart hus. Basa, bananfisk, catfish, mudfish og ål er alle smakfull og populær middagsmat hos dei som driv med oppal så vel som hos dei nær 100 millionar fiskeelskarane i dei to landa.

Midt på golvet eit ope hol ned i vatnet. Gå bort til holet, kast nedi ein neve fiskefôr, og brått kokar vatnet. Nedi kavet kjempar hundretals velfødde svarte og raude fiskar i 1 – 2 kilosklassen om godbitane menneskja slengjer nedi vatnet.

Ressursutnytting sett i system
Nett kor lenge folkeslaga i Mekong-deltaet har drive med fiskeoppal var det ingen som kunne svara meg på: Dette har vi gjort i generasjonar, var det einaste svaret eg fekk.

Alt skjer på einklaste vis. Fiskefôret lagar oppdrettarane sjølv, ut frå det dei kan få fatt i av lokale ressursar: Her er ressursutnyttinga sett i system. Ingenting skal gå til spille. Akkurat som fattigfolka på paradegata i Phnon Phen i kveldinga ventar utålmodig på søpla frå dei store turisthotella, støvsugar fiskeoppdrettarane den lokale marknaden etter matavfall og rotne og øydelagte grønnsaker, kjøt og fisk. Avfallet padlar dei heim i skvalpande bøtter med ein liten sampan.

Vel heime kokar dei avfallet inn over open eld til små pellets.

Berre vi rike nordmenn har råd å fanga tre kilo fersk, vill fisk for å laga fôr til ein kilo oppalsfisk.

Utestengd

Flytande marknad på Mekong. Mange vietnamesarar og kambodsjanarar lever storparten av livet på elva. Hit tek dei også fisken sin for å selja han til profesjonelle oppkjøparar.

Både Kambodsja og Vietnam høyrer til mellom dei 15 fattigaste landa i verda, i følgje FN. Rask folkeauka og veksande behov for arbeidsplassar har auka talet på oppdrettarar dei seinare åra.

Landa tilhører kommunismens siste erklærte bastion i verda. Like fullt er det marknadskreftene som styrer fiskeoppdrettarane sin kvardag. Styremaktene kjem med råd om kva fiskeslag dei bør satsa på. Elles krevst det ingen konsesjonar eller begrensingar av mengde. Resultatet vert overetableringar.

I fjor vart den vietnamesiske fisken stengd ute frå USA. Dumpingprisar var amerikanske styremakter sitt argument for å stengja grensa. I år trugar EU med å gjera det same, fortalte fortvila oppdrettarar som har lånefinansiert anlegget til over pipa.

Så mykje for vestlege land sin tilsynelatande iver for frihandel og frie marknadskrefter. Eit besøk på dei flytande landsbyane kan for ei stakkars stund innbilla ein vestleg skeptikar om at innbyggjarane i den tredje verda når alt kjem til alt kanskje likevel vil ha noko å tena på auka globalisering.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s