Tommelen ned for fergeavløysing

Frykten for framtidige rentekostnadar veg tungt når fylkesrådmannen frårår Hordaland fylkeskommune å søkja om fergeavløysingsmidlar for å erstatta dagens fergesamband med bruer.

Helge Njåstad (FrP) var med på forhandla fram reglane for fergeavløysingsmidlar på fylkesvegnettet. Rentekostnadane er ikkje med i reknestykket. (Arkivfoto – frå synfaringa i februar i år.)

Fylkesrådmannen har rekna kostnadar på to av dei fire fergesambanda som er aktuelle for fergeavløysingsmidlar i fylket: Masfjordnes – Duesund og Fjelbergøy – Halsnøy.

Les: Manglar 83 meter bru

Masfjordsambandet vert kostnadsrekna til 1,2 milliardar. og kan fullfiansiserast med fergeavløysingsmidlar, ifølgje fylkesrådmannen.

Rentekostnad
Når fylkesrådmannen likevel vender tommelen ned for Masfjordsambandet, er det etter ei samla vurdering av nytten og fylket sin økonomiske situasjon med ei alt svært høg høg lånegjeld:

– Renteutgifter til eventuelle lån for å finansiera
prosjektet blir ikkje dekka av ferjeavløysingsordninga. Rentekostnadane ved å finansiera ferjeavløysingsordninga over 30 år har fylkesrådmannen rekna til 350 millionar kroner ved 2,5 prosent rente og 560 millionar kroner ved 4,0 prosent rente, skriv fylkesrådmannen.

Kva med Lerøy – Bjelkarøy?
Fastlandssambandet for Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad har ikkje vore gjenstand for fylkesrådmannen si vurdering i denne omgongen. Planlegginga har kome noko kortare her enn på dei to andre sambanda. Det er likevel grunn til å anta at frykten for å pådra seg auka rentekostnadar kan koma til å verta utslagsgjevande også her.

Les: Eitt steg nærare fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy

Ikkje prioritert
Det at Masfjordsambandet ikkje er prioritert i regionale planar, er medverkande til avgjerda, ifølgje fylkesrådmannen.

Fjelbergøy – Halsnøy er kome noko kortare i planlegginga. Den førebelse rekninga her lyder på 988 millionar kroner.

Ingen av sambanda har førebels ein vedteken reguleringsplanen.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s