Snart skal bilistane få lov å betala her

Etter at det vart innført krav om oblat frå Skyss, har innfartsparkeringa ved Storavatnet stått nærast tom dei fleste dagane.

På innfartsparkeringa ved Storavatnet er det svært god plass ein vanleg kvardag. Snart får truleg bilistar utan Skyss-oblat lov til å betala for å parkera der.

Bilistane har klaga lenge over at innfartsparkeringa ved Storavatnet har vore svært lite nytta etter at kravet om oblat vart innført. I Hordaland fylkeskommune vil dei skunda seg langsamt.

– At innfartsparkeringa står halvtom er ikkje i samsvar med intensjonane bak ordninga, sa fylkesdirektør for samferdsle, Håkon Rasmussen, til nettavisa Tunnelsyn.no i januar.

Les: Halvtom innfartsparkering avslører interessekonflikt i fylkeskommunen

No, snart eit år seinare, skal fylkespolitikarane ta stilling til eit forslag om å opna for betaling på innfartsparkeringar med ledig kapasitet, som Storavatnet.

Før dei første oblatfrie bilistane kan betala for å nytta den nærast tomme innfartsparkeringa, må det etablerast ei betalingsløysing. Ein må også verta samde om takstar.

Les: Vurderer betalingsautomat ved Storavatnet

Bilistar som gledar seg til endeleg å få tilbod om innfartsparkering, må smøra seg med tolmod enno ei stund. Betalingsordninga bør innførast over tid, tilrår fylkesrådmannen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s