Rådmannen sat på gangen – varaordførar skeptisk til valet av BDO

– Vi må få ein rapport som det ikkje går an å setja spørjeteikn ved.

Administrasjon i Askøy kommune, med rådmann Eystein Venneslan (th) i spissen, sat på gangen då formannskapet behandla spørsmålet om kven som skal granska innkjøpa til teknisk avdeling. Marit Rinnen (kommunalsjef stab) og Torgeir Sæter (kommunalsjef levekår) tv.

Askøy kommune held korta uvanleg tett til brystet når det gjeld behandlinga av skuldingane mot ein av kommunen sine tilsette leiarar om korrupsjon.

Les: Askøy-leiar skal granskast for korrupsjon

På gangen
Rådmann Eystein Venneslan og heile administrasjonen i Askøy kommune sat på gangen saman med nettavisa Tunnelsyn.no då Formannskapet bak lukka dører avgjorde at det var BDO som skal få oppdraget med å granska teknisk avdeling sitt kjøp av tenester.

Formannskapet trengte halvannan time på å gå gjennom tilrådinga frå konsulentselskapet Odin Prosjekt AS om kva selskap som burde få oppdraget. Valet stod mellom BDO og KPMG.

– Vi må få ein rapport det ikkje går an å setja spørjeteikn ved, seier varaordførar Bård Espelid (AL).

Muntleg avtale

Varaordførar Bård Espelid  og Askøylista er kritisk til at Askøy kommune inngjekk ein muntleg avtale med  Odin Prosjekt om å evaluera søkjarane som tilbaud seg å granska innkjøpa til teknisk avdeling.

Varaordføraren har i etterkant sendt inn ein protokolltilførsel til møtereferatet. Her kritiserer han kommunen for å ha inngått ein muntleg avtale med Odin Prosjekt utan å ha fastlagt noko mandat for oppdraget, eller kva metodikk som skulle nyttast i vurderinga av dei to kandidatane.

Uråd å etterprøva
– Det går ikkje an å etterprøva dei vurderingane Odin Prosjekt har gjort, hevdar Espelid.

Varaordføraren kjempa ein einsam kamp for at KPMG istaden skulle få oppdraget.

– KMPG er tydelege på korleis ein skal agera i forhald til mogeleg utruskap og korrupsjon. Dei har svært relevant erfaring for å løysa det konkrete oppdraget og tilbyd det faglegast sterkast prosjektteamet, hevdar Espelid.

Han oppfattar KPMG som den verksemda som har den beste metodikken og verktøya for å gjennomføra dei bakgrunnsundersøkingane og analysane som oppdraget vil innebera.

Ikkje tilsløra
Espelid kan ikkje påstå at BDO ikkje vil gjera ein god jobb. Det er likevel med ein viss skepsis at han har registrert den rapporten revisjonsverksemda har laga for Tjøme kommune. Der har ein kommunalt tilsett med dobbeltroller i eit arkitektfirma gjeve omstridde byggjetillatingar i strandsona for rikfolk frå Oslo.

– Rapporten fekk ikkje tillit. Han var snarare eit forsøk på tildekking enn oppklaring. Vi ønskjer ikkje noko tilsvarande her, seier Espelid og viser mellom anna til kritikken som har kome frå BI-professor Petter Gottschalk.

– Det skal verta interessant å sjå korleis administrasjonen vil handheva kontakten med BDO i gjennomføringa av oppdraget, legg Espelid til.

Tillit til prosessen
Kritikken frå varaordføraren får ikkje stå uimotsagt.
– Tildelingskriteriene for oppdraget byggjer på kompetanse på bemanning, gjennomføring av oppdraget, leveringstidspunkt og pris, skriv fleirtalet Ap, H, FrP, KrF og SV i sin protokolltilførsel. Ein protokolltilførsel som er underteikna av ordførar Terje Mathiassen (A).

Les: Askøypolitikarar samla bak krav om gransking av VA-investeringar

Odin Prosjekt vekta BDO som beste tilbydar, og vi har tillit til deira vurdering, legg fleirtalet til.

– Det var to svært gode tilbydarar med marginale forskjellar i tilbuda, skriv Rosalind Fosse (FrP) i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s