Rik på havets sølv – første næringsverksemdene på Straume

Straumsundet låg strategisk plassert i forhald til det rike sildefisket på 1850-talet og framover. Kvifor ikkje utnytta det kommersielt?

Gløymt historie. Ifølgje Normann Lillebø stod eine saltebua i sjøkanten omlag der staken står. På fjøre sjø ligg restane av kaien tørr. Den historiske busetnaden låg på flaten opp til venstre.

Vi som er fødd og oppvaksne på Straume kjenner oss ikkje att i den myten som dagens herskarar freistar spreia om at dei har stampa ein by opp at ei aude lynghei.

Det historiske Straume har alltid hatt tilknyting til sjø. Før utskiftninga i 1906 var busetnaden konsentrert i eit klyngjetun like oppfor Straumsundet. Bygget som er ringa inn med raudt kan ha vore sildesalteriet til Albert Mohn og sønner.

Straume si strategiske plassering, både i forhald til Bergen, men også i forhald til dei rike sildefiskeria, førte til at første næringsverksemda vart etablert i bygda så tidleg som på 1850-talet, ifølge Bygdeboka for Fjell.

Havets sølv
I ei tid der fiskeria i aukande grad vart organisert og kommersialisert, mellom anna av bergenske handelsmenn, gav silda – havets sølv – oppsitjarane på Straume rikeleg med klingande mynt.

– Velstand er blitt næsten almindelig, skreiv dåverande lensmann PC Lie om det rike sildefisket i perioden 1866 – 70, ifølgje Halvor Skurtveit.

I ”Mellom hav og byen”, sjette bandet av Bygdebok for Fjell som kjem i neste veke, tek Skurtveit føre seg åra 1700 – 1910. Ein periode som i aukande grad vart prega av fiskarbonden sin nærleik til Bergen og handelsmennene der. Framleis var Bergen største byen i landet, med tette band til resten av verda via sjøvegen.

Strategisk plassering

Fordelaktig for sommersildefiskeri. Annonse for saltebua då Jens J. Giertsen gjekk konkurs.

Den strategiske plasseringa av Straumsundet, særleg i forhald til det rike sommarsildefisket i desse åra, fekk Jens J. Giertsen til å setja opp ein salteribygning på Straume, truleg eingong på 1850-talet. Då Giertsen gjekk konkurs våren 1860, vart salteriet kjøpt av Peter J. Antonisen, son til Carl P. Antonisen som bygde mølla på Kolltveit, for 355 spesidalar, tilsvarande 1.400 kroner.

Les: Kolltveit – det gløymde industrieventyret

Salteriet stod på festa grunn på nordre Straume. Ein festeavtale som innbragte grunneigarane 1 specidaler årleg, eller mindre enn 4 kroner. Antonisen sikra seg også einerett på å kjøpa sildefangsten til oppsitjarane, så framt han kjøpte til marknadspris.

Konkurranse
Marknaden for sild var tydelegvis jamnt over god, og oppsitjarane på Straume må ha ergra seg over vilkåra. Antonisen fekk ikkje vera aleine lenge. Alt same året sikra konkurrenten Albert Mohn og sønner seg festeavtale med Nils Endreson. Mohn skulle kunna setja opp eit sildesalteri på 106 kvadratmeter. For den retten betalte han i underkant av 80 kroner. I tillegg skulle Nils Endresson få ei årleg festavgift på 20 specidaler, eller nær 20 kroner.

– Nærleiken til Bergen gjorde salteriverksemda på Straume unik. På Sotra kjenner ein berre til slike spesialiserte aktivitetar på Straume og Ågotnes, ifølgje Skurtveit.

Aktiviteten i saltebuene på Straume må ha vore høg i desse åra, ifølgje Skutveit, så både Antonisen og Mohn hadde nok gjort lønsame investeringar.

Mohn-familien bygde seinare mølla på Skålevik.

Les: Skåleviksdammen: Date an alien from Urbania

Stort overskot
– Eg er overraska over kor store summar det kunne vera snakk om. Dei 40 notlaga frå Fjell som deltok i sommarsildefisket kunne i rekordåret 1869 dela på heile 75.000 specidalar, eller 297.000 kroner. Ein ufatteleg sum på den tida. Sjølv om dei kan hende var så mange som 750 mann som deltok i fisket, og investeringane må ha vore store, må overskotet likevel ha vore stort for dei fleste, seier Skurveit

Kvinnearbeid?
Sildefisket var sesongbetont, og må ha gjeve godt med arbeidsplassar i dei månadane det stod på, ikkje berre for fiskarane, men også for dei som stod for sjølve saltinga. I ei tid der mannen var fiskar og kvinna stod for aktivitetane på heimebane, er det ikkje utenkjeleg at kvinnene var tungt involvert i både sjølve sildefisket og i salteriverksemda, antydar historieskrivaren.

Kan hende vart tønnene også produsert lokalt. Ei oppgåve for nevenyttige Straumekarar når det var landliggje innimellom dei sesongprega fiskeria.

Her stod saltebua
Kor lenge sildeeventyret på Straume varte, er usikkert, ifølgje Skurtveit. Truleg pågjekk det til oppunder århundreskiftet. Sildebuene er for lengst vekke. Spør du eldre oppsitjarar i dag, får du i alle fall vita kvar det eine saltebua stod.

Framleis kan det år om anna gjerast gode sildefangstar i Straumsundet. Så seint som i fjor tok Røksundbrødrene frå Bømlo halve kvoten i sundet.

Les: Tok halve sildekvoten i Straumsundet

Ingenting å skryta av
Peder Lie og Frank Karlsen må gjerne kivast om kven som ”oppdaga” Straume i moderne tid. Gjertsen, Antonisen og Albert Mohn gjorde landnåm her meir enn 100 år tidlegare.

Les: Basen på Liaskjæret

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s