Adventsroser

Raudt og kvitt. Overlevarane i rosehagen veit kva fargar som er i tida.

Første søndag i advent er for meg ei tid til å minnast. Samstundes er det ein dag som peikar framover, mot solsnu, jul og eit nytt år.

Dei få rosene som har overlevd snø, haglebyger og iskaldt regn vert for meg ein lovnad om det siste.

Det er nærast med større forventing eg tek ein runde i rosehagen innimellom haglebygene no, enn eg gjorde då rosene blømde som best i sommar.

I juli var forventingane store. No skal det svært lite til for å gleda ein hageeigar.

Rote Korsar har vist seg å vera enno meir hardfør enn oppdrettaren lova. Sweitzer Garten er tydeleg merka av veret, men likevel eit lysande punkt i hagen.

Eit lyspunkt i hagen. At Sweitzer Garten er merka av veret må du tett inntil for å leggja merka til.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s