Lese denne, Listhaug?

Ein drept er ein tragedie, ein million drepte er statistikk, skal Stalin visstnok ein gong ha påstått. Sitatet spøkjer i bakhovudet når eg les den italienske journalisten og forfattaren Alessandro Leogrande si bok ”Grensa. Flyktnigstraumen over Middelhavet”.

Stadig fleire menneskjer er på flukt, frå fattigdom, krig, terror og undertrykkjing. I Europa har vi eit lovverk som stengjer grensene, og som gjer det vanskeleg for dei som slepp gjennom å ta seg vidare frå det første landet dei kjem til.

Flyktningane er så mange at det er lett å redusera dei til statistikk. Det er altfor lett å gløyma at det vi nordmenn har ein tendens til å oppfatta som ein flyktningestraum til sjuande og sist handlar om menneskjer.

Les: Flyktningekatastrofen på Sandviksflaket

Leogrande startar med dei tragiske forlisa til skrøpelege flyktningefartøy utanfor Lampedusa i oktober 2013 og dei mange tusen som omkom. Han skildrar redningsoperasjonane – og opphentinga av døde frå havbotnen.

Men forteljaren Leogrande gjer langt meir enn det. Han lar oss verta kjend med nokre av dei som overlevde den risikoprega reisa. Sett med augo til kurdaren Shorsh, Ali frå Darfur, somaliaren Hamid og Syoum frå Eritrea. skildrar han det risikoutsette livet på flukt mot Europa.

Kvifor var det så mange eritrearar som omkom i Middelhavet? Når Syoum skildrar kvardagen i eit land med totalitært regime og livslang militærteneste, forstår vi i det minste kvifor det var verd å risikera livet for å flykta til ein fredelegare del av verda.

Leogrande tek oss med inn i dei sveittestinkande mannssamfunna bak piggtråden og murane i dei avstengde mottaka. Han gjev lesarane glimt av det lovlause livet i illegale flyktningesamfunn i Italia og Hellas, etter flukten. Han fortel og om møtet med rasistiske nasjonalistar i Hellas. Eit samfunn der politiet ikkje berre snur ryggen til, men deltek aktivt i valdshandlingar mot flyktningar.

Men Leogrande er ikkje berre ute etter å appellera til lesarane si medkjensle. Han har også ein politisk bodskap. Han skildrar redninsgsoperasjonen Mare Nostrum, og den internasjonale etterfølgjaren Frontex Triton, der Norge bidrog med skip, som suksessar. Ønskjer vi å berga liv, treng vil fleire slike.

Avslutningsvis åtvarar han mot den politikken han istaden no ser utvikla seg. Ein ting er å seia at vi må hjelpa flyktningane der dei er. Det vert feil å gje pengestøtte til totalitære makthavarar slik at dei kan festa eit enno hardare grep om opposisjonelle innbyggjarar.

Leogrande har skrive ei bok som bør provosera – og vekkja til ettertanke.

Sjølv dei som er usamde i den politiske bodskapen, bør unna seg å lesa ”Grensa”. Om ikkje anna fordi Leogrande er ein medrivande forteljar, og boka er oversett til eit glitrande nynorsk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s