– Dei forstår ikkje kven som har ansvaret

– Eg føl med naboane i Skuggen. Dei forstår berre ikkje kven som har ansvaret her, seier dagleg leiar Joralf Rønning i Rett Hjem Eiendommer AS.

Denne usikra vegskråninga like etter innkøyringa til byggjefeltet Skuggen er det huseigar som har ansvar for, hevdar Joralf Rønning i Rett Hjem Eiendommer AS. På biletet huseigar Torgeir Forland (th) saman med nabo Jimmy Håkonsund.

– Vi håpar å få til eit snarleg møte med Sund kommune for å få rydda opp i ei rekkje misforståingar om tilhøva i Skuggen. Før det ønskjer eg ikkje å snakka med media, seier dagleg leiar Jørgen Hammer i Vyrd AS.

Hammer overlet i staden til dagleg leiar Joralf Rønning i Rett Hjem Eiendommer AS å forklara dei mange brota på plan og bygningslova som utbyggjarane ifølgje Sund kommune har føreteke under utbygginga i Skuggen.

Kven har ansvaret?
Uklåre roller og ansvarstilhøve er noko av det leiar Svein Otto Jacobsen i planutvalet i Sund hevdar har vanskeleggjort arbeidet med å bringa tilhøva i byggjefeltet i Forlandsvågen i samsvar med krava i plan og bygningslova.

Les: Fekk brønn forureina frå bustadar utan bruksløyve

Les: Utrygge vegar i Skuggen

– Rett Hjem Eiendommer AS berre byggjer hus. Vyrd AS er grunneigar, tiltakshavar og ansvarleg for all infrastruktur, som vegar, vatn, avløp og overvatn i feltet, hevdar Rønning ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Rett Hjem Eiendommer AS eig 33 prosent av aksjane i Vyrd AS, og Rønning er vara til styret for Vyrd, ifølgje Brønnøysundregistra. Først nektar Rønning likevel i ha noko med aktivitetane i Vyrd å gjera. Så endrar han forklaring.

Vil rydda opp
– Vyrd er eit lite firma. Dei er no under eit massivt press frå naboane i feltet. For å hjelpa dei å rydda opp i dette har Rett Hjem Eiendommer teke over som ansvarleg søkjar for Vyrd. Vi er større, og har i tillegg tilgang til ressursar frå Terratech og Rett Ingeniør, seier Rønning.

– Rett Hjem Eiendommer er ansvarleg søkjar for veg inne i byggjefeltet. Her står Vyrd AS som tiltakshavar. Vyrd er ikkje tiltakshavar for andre saker i feltet, altså vedrørande selde tomtar, skriv Hammer i ein sms til nettavisa Tunnelsyn.

Forureining frå bustadar utan bruksløyve
Det er Sartor VVS som har levert pumpestasjonane for avløpsvatn i Skuggen, ifølgje Rønning. Den midlertidige pumpestasjonen som ureina brønnen til Håkonsund måtte Sartor VVS montera fordi dei ikkje klarte å levera den permanente pumpestasjonen i rett tid.

Spørsmålet om korleis det kan ha seg at pumpestasjonen kunne forureina brønnen til Håkonsund, så lenge det verken er gjeve ferdigattest, bruksløyve eller midlertidig bruksløyve for bustadane i denne delen av feltet, pratar Rønning seg berre vekk frå.

Smal og usikra veg
Velforeininga i Skuggen har klaga mellom anna på sikringa av vegen. Fleire stadar er det bratte, usikra skråingar der bilar i fart lett kan køyra utfor på den smale vegen som attpåtil manglar lys.

Når det gjeld den usikra skråninga like ved innkøyringa nederst i feltet, held Rønning fast på skuldingane mot bustadeigaren. Bustadeigaren har grave seg inn i skråninga for å laga garasje. Ein garasje dei verken har søkt om eller sendt nabovarsel på, ifølgje Rønning.

Velforeininga har klara også på breidda på den asfalterte vegen inne i feltet. Dette har fleire årsakar, ifølgje Rønning.

– Då Sund kommune stakk ut tomtane, kom tomtegrensa for nære vegen, hevdar leiaren for Rett Hjem Eiendommer.

Held tilbake bruksløyve
At Sund kommune held tilbake bruksløyve for fem bustadar i feltet, i påvente av at utbyggjarane skal få på plass pålagde tiltak, er i ferd med å verta ei problem for utbyggjarane, medgjev Rønning.

– Dette handlar om noko som skjer utanfor tomtane, men her må eg trø ekstremt varsamt. Alt handlar om ein person i Sund kommune – Jacobsen, hevdar Rønnning.

– Snakkar du om Svein Otto Jacobsen som er leiar for planutvalet?

– Det har eg aldri sagt!

– Sund kommune opererer ikkje slik det vert forventa. Noko som ikkje vil koma for dagen før fylkesmannen har behandla klagene våre, truleg eingong til neste haust, legg leiaren for Rett Hjem Eiendommer til.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s