Fekk brønn forureina frå bustadar utan bruksløyve

Pålegg om utbetring, stoppordre og førehandsvarsel om tvangsmulkter. Mykje ser ut til å ha gått gale for utbyggjarane i byggjefeltet Skuggen i Forlandsvågen.

Jimmy Håkonsund på brønnlokket. På andre sida av gjerdet pumpestasjonen for avløpsvatn.

Naboane har klaga, lenge. Skuggen velforeinig jublar ikkje akkurat dei heller over det dei oppfattar som utbyggjarane Vyrd AS og Rett Hjem Eiendommer AS sine mange brot på plan- og bygningslova under bygginga av dei så langt nokre og 50 bustadane i byggjefeltet Skuggen i Forlandsvågen.

Avløpsvatn i brønnen
Den første konflikten vart varsla alt i reguleringsprosessen. Jimmy Håkonsund klaga på planane om å få ein pumpestasjon til avløpsanlegget plassert like ovanfor brønnen sin. Ein klage som teknisk avdeling i Sund kommune valde å oversjå.

I sommar rant den midlertidige pumpestasjonen for avløpsvatn over og ned i brønnen til Håkonsund.

Ingen av bustadane tilknytta denne pumpestasjonen har fått innvilga bruksløyve, heller ikkje midlertidig bruksløyve, ifølgje Sund kommune.

Vassprøvane Håkonsund seinare har teke har dokumentert at det var så store mengder koliforme og ecoli-bakteriar etter avføring i drikkevatnet at fagekspertane tilrådde at vatnet må kokast.

Orienterte politikarane
Dette er berre eitt av fleire ulovlege tiltak i Skuggen som arealansvarleg Ole-Karsten Midtgård i Sund kommune siste halvåret jamnleg har orienterte det politiske planutvalet om. Teknisk avdeling har dei siste månadane gjeve fleire pålegg om utbetring av ulovlege tiltak i byggjefeltet. Pålegga har vore leidsaga av førehandsvarsel om tvangsmulkt om tiltaka ikkje vert retta innan ein gjeven tidsfrist.

På andre tiltak som ikkje er i samsvar med reguleringsplanen, eller med bestemmelsane i plan og bygningslova (PBL), har kommunen gjeve stoppordre.

Les: Utrygge vegar i Skuggen

Vyrd har mellom anna fått pålegg om å sikra ulovlege terrenginngrep for fire tomtar der kommunen ikkje har gjeve løyve til å setja i gang arbeidet.

Overvatn inn under huset
Ovanfor Skuggen ligg eit stort myr- og vassdrag. Elva gjennom byggjefeltet og ned mot Forlandsvågen er berre delvis lagt i rør. Når det regnar, renn overvatn frå elva over vegen og under vegen og inn under ein av dei nederste bustadane i feltet.

Klagene frå bustadeigar Torgeir Forland avviser utbyggjarane sin innleigde konsulent Norsk Eiendomsrådgivning AS med at Forland har seg sjølv å takka for at eigedomen hans vert overfløymt.
– Det er utbyggjar som har plassert, har hatt grunnarbeidet og bygd huset. Overvatnet skulle utbyggjar ha teke omsyn til då dei planla feltet, svarar Forland.

– Det er ikkje for seint å ordna opp. Eit fordrøyningsmagasin eller ein fangdam kan samla opp vatnet, for så å leia det vidare. Muligheten er der, det er viljen til utbyggjar det skortar på, hevdar den uheldige huseigaren.

Uklåre roller og ansvarstilhøve
Plan- og bygningslova krev at det skal framgå av ein søknad kven som er tiltakshavar, ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande for eit prosjekt. Dei ansvarlege skal kunna dokumentera at dei har alle naudsynte kvalifikasjonar i henhald til krava for det tiltaket som skal utførast.

I Skuggen har det vist seg at det til tider kan vera vanskeleg å plassera ansvaret der det høyrer heime:

– I Vyrd og Rett Hjem Eiendommer seier dei at dei ikkje har gjort noko gale. I staden skuldar dei heile tida på andre, seier leiar Svein Otto Jacobsen i Planutvalet i Sund til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Det er fleire aktørar og uklåre ansvarstilhøve. Rollene skiftar, ansvarstilhøva skiftar og det kan vera vanskeleg å ha oversikt over kven som har ansvaret for dei ulike tiltaka. Nokre personar synes likevel å gå att i fleire samanhangar, legg Jacobsen til.

Les: -Dei forstår ikkje kven som har ansvaret

Det er fleire utbyggjarar i feltet. Leiaren for planutvalet er tydeleg på at det berre er Vyrd AS og Rett Hjem Eiendommer AS som vert omfatta av dei mange klagesakene.

Alle naudsynte tiltak
Politikarane i Planutvalet har respondert på orienteringane med å gje teknisk avdeling pålegg om å setja i verk alle naudsynte tiltak for å få retta opp det dei oppfattar som ulovlege tilhøve.

I påvente av at utbyggjane skal rydda opp, vil nye bustadeiningar ikkje få innvilga mellombels bruksløyve. Det vil heller ikkje verta gjeve løyve til oppstart av grunnarbeid på fleire tomtar, har kommunen gjeve melding om.

Klagene prella av
Utbyggjane fekk halda på med sitt – lenge. Klagene frå naboar og velforeininga på dei ulike tiltaka berre prella av i kommunen. Siste halvåret har det likevel skjedd ei haldningsendring på kommunehuset i Skogsvågskiftet, fortel Håkonsund.

Før det skjedde, hadde Håkonsund hatt møter med ordføraren, rådmannen og leiar for arealavdelinga. I eitt siste fortvila forsøk på å nå fram hadde han også send eindel av dokumentasjonen til leiaren for Kontrollutvalet.

– Sund kommune tok ikkje tak i problema. Klagene kokte ut i ingenting, seier Håkonsund til nettavisa Tunnelsyn.no.

Haldningsendring
Det var først etter at arealavdelinga fekk ny leiar denne våren at det vart fart i saka, slik Håkonsund oppfattar det.

I september i år utstedde kommunen pålegg om strakstiltak etter forureiningslova og krav om rydding og fjerning av det dei hevdar var ein ulovleg avløpstank på nabotomten til Håkonsund.

– Kommunen tok saka på alvor først då det utvikla seg til ei forureiningssak. Eg hadde håpa dei hadde teke fatt i den ulovlege pumpestasjonen før han rann over. Det var ikkje spørsmål om han ville renna over, men når, hevdar Håkonsund.

Arealansvarleg Midtgård i Sund kommune vil ikkje vera ved at det har skjedd noko haldningsendring i kommunen:

– For kommunen er det viktig å forfølgje ulovlegheiter, små og store, ved brot på lover som kommunen er satt til å forvalte, skriv Midtgård i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Midtgård peikar på §32-1 i Plan og bygningslova, som pålegg kommunane å forfølgja brot på bestemmelsane i lova.

– Planutvalet har gjeve administrasjonen pålegg om å retta opp. Alle kan gjera feil. Når administrasjonen merkar dei har politisk støtte, vert det einklare å gripa fatt i tinga, seier leiar Svein Otta Jacobsen i Planutvalet i Sund.

Les utbyggjar sitt svar på skuldingane:
-Dei forstår ikkje kven som har ansvaret

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s