Utrygge vegar i Skuggen

Utbyggjaren Vyrd AS har fått pålegg frå Sund kommune om å sikra vegar i byggefeltet Skuggen i Forlandsvågen. Om tiltaka ikkje er utbetra innan 6. desember, får verksemda tvangsmulkt.

Her kan ungar lett skli under gjerdet og ned skråninga.

Den private vegen inn i Skuggen skal i henhald til reguleringsplanen overtakast av kommunen når han eingong står ferdig. Det kan ta ei tid.

Seks år
Seks år etter at dei første innbyggjarane flytta inn i feltet, opplever leiar Lydia Nilsen i Skuggen Velforeining framleis dei trafikkale tilhøva i feltet som utrygge.

Vegen er så smal at to bilar har vanskar med å passera kvarandre. Fleire stadar er det høge, usikra skråningar der folk eller bilar risikerer å falla utfor.

Flettverksgjerdet utbyggjar har sett opp står på laust fundamenterte betongklossar og vil ikkje kunna stoppa ein bil. fv. leiar Lydia Nilsen i Skuggen velforeining og Torgeir Forland.

Flettverksgjerdet som utbyggjar har sett opp etter eit tidlegare pålegg frå kommunen, er festa i lause stolpar og vil ikkje kunna stoppa ein bil i fart. Under gjerdet er det opningar så høge at ungane kan smyga under.

Kva som kan skje når det vert vinter og is på vegen, tør verken Nilsen eller Torgeir Forland tenkja på.

Krav om sikring
Sist veke påla Sund kommune utbyggjar å sikra vegane i feltet med autovern eller langsgåande støypekant. Sikringstiltaka skal vera godkjende for bruk langs veg og kunna halda igjen ein bil, krev teknisk avdeling.

Om vegen ikkje er sikra på godkjent måte innan 6. desember, må Vyrd AS ut med 60.000 kroner i tvangsmulkt. I tillegg må utbyggjar ut med 1.000 kroner dagen inntil godkjend sikring er på plass.

Avkøyrsle

Smal veg, breidt fortau. Når det regnar fløymer vatnet ovr vegen og ned mot bustaden til høgre.

Avkøyrsla frå fylkesvegen er enno ikkje godkjent av Statens vegvesen. Før avkøyrsla er godkjent skulle Sund kommune ikkje ha gjeve ferdigattest eller bruksløyve for nokon av bustadane i Skuggen, i henhald til plan og bygningslova.

Les: Fekk brønn forureina frå bustadar utan bruksløyve

Først sist sommar asfalterte utbyggjar vegen, men arbeidet er ikkje utført i samsvar med reguleringsplanen, ifølgje Sund kommune.

Les: Utbyggjar sitt svar på klagene:
-Dei forstår ikkje kven som har ansvaret

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s