Ei verksemd selde for meir enn ein milliard. Heile 24 av verksemdene i Fjell, Sund og Øygarden hadde meir enn 100 millionar i driftisinntekt i fjor.

I Fjell, Sund og Øygarden er det registrert heile 6.285 verksemder. Tredelen av dei er aksjeselskap.
Fisk slo olje
Fisk slo olje når det gjaldt inntekter i fjor. Tre av dei fire verksemdene på inntektstoppen har solid fotfeste innan fiskeoppdrett og foredling.
Stor breidde
Eit søk i Føretaksregisteret viser elles at det er stor breidde i satsningsområdet i dei lokale hjørnesteinsverksemdene. Forutan fisk og offshore er entrepenør, husbygging og data representert mellom dei verksemdene som omsette for meir enn 100 millionar kroner i fjor.
Sekkingstad
Aleine på inntektstoppen finn vi fiskeindustriverksemda Sekkingstad AS på Skaganeset i Sund, med driftsinntekter på 3,2 milliardar kroner. På andreplass finn vi Coast Center Base AS på Ågotnes. Trass kriseåret i offshoreindustrien enda driftsinntektene på 779 millionar.
Dei 20 største verksemdene i regionen sysselsette til saman 1537 personar.
Les: …og desse tente mest
Oversikten tek ikkje omsyn til at einskilde verksemder er organisert som konsern, med eit morselskap. På den måten fell mellom anna Liegruppen AS, med samla driftsinntekter i konsernet på 336,7 millionar ut av oversikten.
Dei største verksemden i Nye Øygarden, etter driftsinntekt i 2016. Alle tal i 1.000
Sekkingstad AS | 3.177.350 |
Coast Center Base AS | 779.194 |
Blom Fiskeoppdrett AS | 447.444 |
Sotra Fiskeindustri AS | 402.044 |
Oceaneering Asset Integrity AS | 343.137 |
Enhanced Drilling AS | 302.647 |
Viking Life-Saving Equipment Norge AS | 259.886 |
Sartor Maskin AS | 259.832 |
Biomega AS | 192.076 |
Tuboscope Norge AS | 188.278 |
4 Comments