…og desse tente mest

Av dei ti verksemdene i Fjell, Sund og Øygarden med høgast driftsresultat i 2016, satsar halvparten på fisk og havbruk.

Frå Blom Fiskeoppdrett AS sitt visningsanlegg i Øygarden. Foto: Morten Wanvik.

Ser vi på kva verksemder i Fjell, Sund og Øygarden som var mest lønsame i 2016, er det langt mellom dei som satsar på olje, gass og offshore.

Driftsresultat i millionar
Det er ikkje alltid samanhang mellom inntekt og resultat, viser rekneskapane lokale verksemder sende Brønnøysund.

Les: Fisk slo olje – dette er dei største verksemdene i Nye Øygarden

Ser vi på driftsresultatet målt i millionar, var det Blom Fiskeoppdrett AS i Øygarden som kom best ut i fjor, med 88,6 millionar kroner. Driftsresultatet indikerer at verksemda tente fire kroner for kvar hundrelapp dei selde laks og aure for.

Milliardverksemda Sekkingstad AS kom på andreplass med 71,7 millionar i driftsresultat. Ein driftsmargin på beskjedne 2,3 prosent vitnar likevel om at fiskeindustriverksemda ikkje fekk like godt utbyte av dei gode salsprisane på laks og aure i fjor som oppdrettarane. Noko som truleg delvis kan forklarast med langsiktige kontraktar med fast pris.

Smiler
Fiskebåtreiaren på Liaskjæret har derimot all grunn til å smila. Libas AS, dotterselskapet som samlar fiskeria i Liegruppen AS, sat att med 58,2 millionar når driftskostandane vart trekt frå, tilsvarande ein driftsmargin på 33,7 prosent.

Grunn til å smila over driftsmarginen har dei også i Atlantic Offshore Epsilon. Eit driftsresultat på 58,2 millionar av ein omsetnad på 127,5 millionar, inneber at dei nye eigarane i offshorerederiet sit att med nærare halvparten av salsinntektene i forteneste.

Finans
Det er mange måtar å rekna resultat på. Driftsresultat målt i millionar, driftsmargin eller resultat før skatt er mest vanlege. Reknemåtane kan gje ulikt resultat, særleg dersom ei verksemd har store finansinntekter eller –kostnadar.

Driftsinntekt Driftsresultat Tilsette Driftsmargin
Blom Fiskeoppdrett 447444 88588 60 19,80
Sekkingstad 3177350 71673 30 2,26
Libas 172406 58193 22 33,75
Atlantic Offshore Epsilon 127556 57995  0 45,47
Televåg Fiskeoppdrett 172260 47577 4 27,62
Coast Center Base 779194 44969 122 5,77
Biomega 192076 33735 27 17,56
Viking Life-Saving Equipment Norge 259886 26151 100 10,06
Acos 144477 24878 149 17,22
Sartor Maskin 259832 16157 90 6,22
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s