Bruvedlikehaldet nedprioritert i fylkesbudsjettet

13 bruer i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy har eit samla behov for vedlikehald på 153 millionar kroner. På fylkesbudsjettet for 2018 er det sett av 15,4 millionar – til fordeling i heile fylket.

Trafikksikring og utviding av Askøy-brua med eit tredje køyrefelt vert kostnadsrekna til 80 millionar kroner.

Vedlikehald av bruene på fylkesvegnettet er eit sårt punkt for Statens vegvesen i Hordaland, kunne nytilsett vegsjef Grethe Vikane fortelja politikarane i Utval for miljø og samferdsel onsdag denne veka.

Underbudsjettering

Grethe Vikane har overteke som vegsjef i Hordaland etter Olav Finne.

Underbudsjettering gjennom mange år har ført til at etterslepet på vedlikehald på dei lengste bruene i fylket no utgjer heile 330,5 millionar kroner, har Statens vegvesen rekna seg fram til, ifølgje Vikane.

I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy finn vi 13 av dei lengste bruene på fylkesvegnettet i Hordaland. Det samla behovet for vedlikehald på bruene i desse kommunane aleine er kostnadsrekna til 153 millionar kroner.

Kamp om kronene
Samferdselsbudsjettet i Hordaland for neste år ser ut til å verta på heile 1,95 milliardar kroner. Konkurransen om fylkeskommunen sine investeringsmidlar er likevel beinhard. I regional transportplan som nyleg vart vedteken er bruvedlikehaldet nedprioritert til fordel for tunnel- og rassikring.

I forslaget til investeringsbudsjett i Hordaland fylkeskommune er det berre øyremerka 15,4 millionar til sårt treng vedlikehald og trafikksikring på dei mange bruene i fylket.

Askøybrua
Askøybrua er den brua på fylkesvegnettet i Hordaland der behovet for tiltak er størst, ifølgje Statens vegvesen. Trafikksikring og utviding av Askøybrua som dagleg vert passert av heile 20.000 bilar, med eit ekstra køyrefelt, er kostnadsrekna til heile 80 millionar kroner.

Øygarden

Naudsynt vedlikehald av Rongesundbrua er kostnadsrekna til 20 millionar.

Behovet for utbetring av dei tre bruene nordover frå Sotra til Øygarden veg også tungt i fylkessamanhang. Rongesundbrua treng vedlikhald kostnadsrekna til 20 millionar kroner.

Å henta inn att etterslepet av vedlikehald på brua over Svelgsundet vil kosta 12 millionar. Nesten like kostbart vil det verta å utføra naudsynt vedlikehald på brua over Solsviksundet, ifølgje Statens vegvesen.

Samla oversikt
Tabellen nedanfor viser ein samla oversikt over dei 13 lengste bruene i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, saman med kostnadsprognoser for vedlikehaldsbehov og talet på kor mange bilar som dagleg passerer. Alle tal i heile 1.000.

Kostnad utbetring ÅDT
Askøy
Herdlesundet 8 000 600
Storeklubben 1 500 20 000
Askøybrua 80 000 20 000
Fjell
Langøy 3 000 1 200
Solsviksundet 10 000 5 200
Svelgen 12 000 5 200
Torvsundet 2 500 550
Turøy 5 000 400
Sund
Tofterøy 7 000 950
Øygarden
Osundet 2 000 2 900
Straumsund søre 500 2 000
Ulvsundet 1 000 3 700
Straumsund nore 500 2 000
Rongesundet 20 000 3 800
 Samla kostnad 153 000
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s