Har kartlagt strandsona

Nærare kvart trede byggverk i Askøy ligg i strandsona.

Delar av den historiske busetnaden i Herdlevågen.

Øykommunen Askøy er velsigna med heile 448 kilometer kystlinje. Arealet innanfor100-metersbeltet tilsvarar 22,7 kvadratkilometer, eller fjerdedelen av heile arealet i kommunen, viser ei ny kartlegging gjennomført av Askøy kommune i samband med rulleringa av arealplanen.

Vern
Samfunnsdelen i kommuneplanen for øykommunen legg opp til at kommunen skal ta vare på verdiane i standsona og sikra tilgang for allmenta. Område med særleg høg natur- og samfunnsverdi bør vernast for å sikra allmenn bruk i lang tid framover, vert det tilrådd.

Strandsonekartlegginga er eit tiltak i arbeidet med å sikra at målet vert nådd.

Historisk bruk
I hundrevis av år var sjøen viktigaste ferdselsåra i øykommunane vest for Bergen. Heilt opp til 1960-talet var aktivitetar knytt til sjø viktigaste næringsvegen. Den historiske bruken vert spegla i bebyggelsen. I Askøy har det medverka til at kvart tredje byggverk i kommunen, totalt nærare 8.200 bygg, i dag ligg innanfor 100-metersbeltet.

Bygging i strandsona representerer eit aukande problem i ein nasjon med relative strenge restriksjonar på bygging i strandsona. Ei rekkje av dispensasjonssøknadane til utval for teknologi og miljø dreier seg nettopp om tiltak i nærleiken til sjø.

Les: Mange fekk byggja i strandsona

Inngrepsfri
Sjølv om det kan hende ikkje verkar slik, sett frå Kleppestø, kan heile 57 prosent av strandsona i Askøy framleis definerast som inngrepsfri. 39 prosent vert definert som tilgjengeleg for allmenta, ifølgje rapporten.

Funksjonell strandsone
Eit av måla med kartlegginga har vore å skilja mellom 100-metersbeltet og den funksjonelle strandsona som er tilgjengeleg for allmenta.

I rapporten er kommunen delt i 15 soner. Kvart av områda vert diskutert for seg. Som eit resultat av arbeidet har delar av den funksjonelle strandlinja blitt redefinert.

Havnivåstiging
Omsynet til klimaendringar og framtidig havnivåstiging har også vore eit element i vurderinga. Det vert anteke at havnivået vil stå inntil 108 centimeter over dagens nivå innan år 2100. Ved maksimal stormflo kan havoverflata stå inntil 276 centimeter over dagens nivå.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s