Fylkesmannen samd i bruksnekt

Det var rett av Sund kommune å nekta å gje midlertidig bruksløyve for ein bustad i Skuggen, stadfestar fylkesmannen i Hordaland.

Utbyggjar og dagleg leiar Joralf Rønning i Rett Hjem Eiendommer AS var sikker på at Fylkesmannen i Hordaland ville retta opp det han såg som ein saksbehandlingsfeil frå Sund kommune si side. No har fylkesmannen i staden gjeve kommunen fullt medhald.

Les: -Dei forstår ikkje kven som har ansvaret

Etter ei synfaring i byggjefeltet Skuggen i Forlandsvågen før sommaren vedtok Sund kommune å nekta å gje midlertidig bruksløyve for ein nybygd bustad. Vedtaket vart grunngjeve med fleire ulike tilhøve:

– Bustaden var kopla til ein ulovleg montert pumpestasjon for avløp.
– Minstekrava til opparbeida uteareal var ikkje oppfylt.
– Veg og fortau inn til bustaden var ikkje ferdigstilt.

Les: Fekk brønn forureina frå bustad utan bruksløyve

Krav i Plan og bygningslova
Nybygde bustadar kan ikkje takast i bruk før kommunen har gjeve ferdigattest eller bruksløyve, ifølgje Plan og bygningslova. I tilfelle det berre står berre att mindre tiltak, kan kommunen gje likevel gje midlertidig bruksløyve i påvente av bruksløyve eller ferdigattest.

Den uheldige huskjøparen, og Rett Hjem Eiendommer AS som har bygd huset, meinte det berre stod att mindre tiltak, og klaga på kommunen sitt vedtak.

Ikkje forskjellsbehandling
Utbyggjar viste samtidig til at det tidlegare er gjeve bruksløyve for bustadar i feltet utan at vegen var opparbeida. Dei hevda difor at dette var ei usakleg forskjellsbehandling.

– Sjølv om kommunen kan ha gjort feil i tidlegare saker og gjeve bruksløyve trass i at veg ikkje er opparbeida, vil ikkje ein slik feil kunna skapa presedens for framtidige saker, skriv fylkesmannen.

Lov å endra meining
– Kommunen kan endra praksis så lenge det er sakleg grunngjeve. Det går fram av kommunen si vurdering at dei vurderer tilhøva annleis no enn i starten av utbygginga, mellom anna fordi dei no har erfaring med veganlegga i området, mellom anna gjennom klager frå bebuarane i området, legg fylkesmannen til.

På grunnlag av synfaring
Fylkesmannen si avgjerd vart gjort på grunnlag av tilhøva på staden under Sund kommune si synfaring i juni i år. Avbøtande tiltak som huseigar og utbyggjar måtte ha utført seinare er ikkje teke med i vurderinga.

Huskjøpar og utbyggjar må no senda inn ny søknad på bakgrunn av dei endringane som er gjort i ettertid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s