Mellom havet og byen

Allmennhistoria for Fjell for åra 1700 – 1910 er spekka med detaljar frå ei tid prega av mange og raske omveltningar. Forfattar og historikar Halvor Skurtveit har fråtsa i det rike kjeldematerialet.

Det til tider konfliktfylte forhaldet mellom bymann og stril går som ein raud tråd gjennom «Mellom havet og byen». Illustrasjon frå boka, utlånt av Universitetsbiblioteket i Bergen.

”Mellom havet og byen” omhandlar åra frå 1700 til 1910. Dette er den andre av tre bøker om allmennhistoria om Fjell, og eit supplement til dei fire bøkene om gards- og slektshistoria som tidlegare er utgjevne.

Sjølv om mangelfull dokumentasjon i samtida gjer at mykje av historia frå denne perioden truleg er tapt for alltid, ber ”Mellom havet og byen” framfor alt preg av at forfattar og historikar Halvor Skurtveit har kunna ausa av eit raskt veksande og stadig rikare kjeldemateriale ettersom vi nærmar oss notida.

Boka er spekka med detaljar. Berre i svært liten grad har historikaren late seg freista til å utbrodera forteljinga.

Store omveltningar
Fjellsokningane sin historie i denne perioden ber preg av ei tid med mange og raske omveltningar. Sotra-samfunnet vert i stadig sterkare grad påverka av det som skjer i omverda. Ekkoet frå Napoleonskrigane, innføringa av koppevaksina, potetene og formannskapslova, eit rikt sildefiske, dei første telefonapparata, dampskipa som etterkvart fossar fram gjennom fjordane, innføring av allmennskulen og utvandring til USA, er berre nokre stikkord for kva ytre hendingar som påverka liva til formødrene og – fedrene våre i desse åra.

Folkevekst er eit anna stikkord. Smittsame sjukdomar som koppar, kolera og seinare tuberkulose, bidrog lenge til å halda folketalet nede, men frå midte nav 1840-talet veks folketalet jamt og trutt. Å føda born vert og mindre risikoprega, både for mor og born. Stadig fleire ungar veks opp og når vaksen alder.

Nærleiken til byen
Som tittelen ”Mellom havet og byen” signaliserer, er det tilhøvet mellom dei bynære fjellsokningane og bergensarane som er den raude tråden i boka.

Fiske – i mange variantar – gav tidleg fjellsokningane klingande mynt hos handelsmennene i Bergen. Det rike sildefiske frå 1830-talet og utover gav fjellsokningane uvant rikdom, noko som gav seg utslag mellom anna i at dei gamle røykstovene vart rivne og erstatta av større og romslegare lemstover med skorstein.

Nærleiken til Bergen førte ikkje berre til handel. Bergenske kjøpmenn var og sentrale initiativtakarar og finansierte mykje av den tidlege næringsutviklinga i kommunen.

Les: Rik på havets sølv – første næringsverksemda på Straume

Løftar fram personar
Ei handfull personar er løfta fram av historia sitt mørke. Boka byrjar med forteljinga om byjenta Marta frå Lille Altona som no sit som enkje på handelstaden på Lokøy. At Marta kom frå velståande slekter, både på Bildøy og i Bergen, har gjort det mogeleg for Skurtveit å skildra livshistoria til ei kvinne fødd heilt tilbake i 1705 i nitide detaljar. Marta møter vi fleire gongar gjennom boka. Hennar historie fortel med all tydelegheit at det den gongen var enno meir avgjerande for ei kvinne sin skjebne kva menn ho rota seg borti enn i dag.

Ikkje dermed sagt at Marta eller andre kvinner i denne tida var lauslivde. Tvert om. Giftealderen for kvinner var høg, og talet på ungar fødde utanfor ekteskap var svært lågt, ifølgje Skurtveit.

Skurtveit refererer. Drap og blodskam er hendingar som er nemnde, men som får nøktern omtale. Ikkje eingong når han omtalar dei gamle, mektige brudgommane som fann seg brurer 40 – 50 år ynge enn dei sjølv, lar Skurtveit seg freista til å løfta peikefingeren. Han nøyer seg med å slå fast at større aldersskilnad mellom mann og kone hadde fjellsokningane truleg aldri opplevd tidlegare.

Kontroversiell brennevinshandel
Sotrastrilen sin største svakhet i denne perioden var spriten, skal vi tru kjeldene Skurtveit gjengjev.

Handelsmann og ordførar Hans Johan Juuhl på Brattholmen er ein av dei personane som vert løfta fram i boka. På slutten av 1870-talet dreiv Juuhl det som truleg var ein av dei største og mest lønsame brennevinshandlane på Vestlandet. Trass i at presten klaga over alkoholmisbruket, og avhaldsrøyrsla var på frammarsj, ønska ikkje kommunestyret i Fjell å stoppa brennevinshandelen, avdi han innbragte inntekter til den fattige kommunen, ifølgje Skurtveit.

Men Juuhl hadde fleire roller. Handelsmannen på Brattholmen var også sentral i arbeidet med å få dei første dampbåtrutene til Fjell. I ”Mellom havet og byen” føyer Skurtveit nye puslespelbitar av informasjon til det som mellom anna Erling Virkesdal har skrive om om Barstad-båtane og Topdal-selskapet.

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Den nøkterne strilen
Forfattarar som Holberg, Pontoppidan og Welhaven har skildra strilane med ein forakteleg penn. I ein periode der bøndene vart framhava, og kystbefolkninga var nærast usynleg, verka nok livet på strilalandet fattigsleg, sett utanfrå. Det historiske kjeldematerialet avslører ei noko anna historie.

Nærleiken til dåtidas leiande internasjonale handelsby fekk konsekvensar for fjellsokningane. Unge menn vart freista – eller lokka – til teneste på dei mange fartøya som haldt til å byen.

Strilane vart også utkommanderte til teneste i den danske flåten. Fleire kjempa saman med Tordenskiold, og eindel fekk dela hans ublide skjebne.

Først og fremst var det likevel fisket som førte fjellsokningane ut frå kommunen. Ettersom båtane vart større, og utrusta med nye fangstreidskap, kom både Nordlandsfiske og Islandsfiske innanfor rekkevidde.

Kvinnene sin historie
Kvinnene sin historie har først kome i fokus i dei seinare åra. Når mennene var vekkreiste stadig lengre delar av året, måtte kvinnene ta hand som ansvaret heime, ikkje berre hus og ungar, men minst like mykje jordbruket og heimafisket, ifølgje Skurtveit.

Songen om Anne Knudsdotter skal ha vore inspirert av tilhøva på Tysnes, men var truleg like aktuell som omtale av dei kåra einskilde kvinner levde under på skrinne husmannsplassar i Fjell medan mennene var vekkreist på fiske. Få var dei familiane i Fjell som hadde fôr til to kyr.

Biletmaterialet
Eit rikt og variert biletmateriale med uventa høg kvalitet, sett i lys av alderen, høynar informasjonsverdien i boka.

Til no ukjende måleri frå Solsvik frå midten på 1800-talet, måla i ein nasjonalromantisk stil av mellom anna den tyske målaren Gustav Adolf Boenisch, og som til dagleg kan beundrast i Stadsmuseet i Berlin, avslører detaljar om hus, handel, hummarteiner og klesdrakt i dåtida. Truleg like eksotisk for dåtidas fornemme Berlinarar som for dagens fjellsokningar?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s