Fiksar fasaden på Gamle Hjelme kyrkje

Ved å inngå ein samspelavtale med entrepenør om sikring og vedlikehald av Gamle Hjelme kyrkje, håpar Øygarden kommune både å rekka Regjeringa si frist for avtaleunderteikning og å redusera risikoen i det sårt tiltrengte prosjektet.

Gamle Hjelme kyrkje treng omfattande, tverrfagleg sikring og vedlikehald.

Etter at Hjelme kyrkje vart teken i bruk i 1971 har Gamle Hjelme kyrkje stått meir eller mindre til nedfalls. I vår vedtok kommunen å bruka 3,98 millionar av Regjeringa si krisepakke til kommunar med høg arbeidsløyse til eit lenge etterlyst sikrings- og vedlikehaldsprosjekt på gamlekyrkja.

Det statlege eingongstilskotet kjem i tillegg til kommunen sine planar om å nytta ytterlegare 2,27 millionar kroner av eigne midlar.

Omfattande
– Det er hovudsakleg utvendige arbeid som skal utførast, seier sakshandsamar Jon Ivar Friborg i Øygarden kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.

Den utførte tilstandsrapporten er dyster lesnad. Han avslører at det er naudsynt med omfattande sikrings- og vedlikehaldstiltak på det verna kyrkjebygget frå 1875. Tårnet treng sikring og ny kopartekking. Handtverkarar må ettergå, reparera og skifta berande konstruksjonar, kledning, skifertak, vindauge og skorstein. Det elektriske anlegget, og delar av den handmura kyrkjegardsmuren treng også oppgradering.

Istandsettinga vert eit tverrfagleg prosjekt. Blikkenslagarar, snikkarar, tømrarar, malarar og murarar må engasjerast og samordnast. Kvart einskild oppdrag må beskrivast og hentast inn tilbod på.

Det hastar
Prosjekteringsfasen vert omfattande. Vernestatusen tilseier at arbeida må utførast med tilsvarande tekniske og materialar som då kyrkja stod ny for meir enn 140 år sidan. Både Biskopen i Hordaland og Riksantikvaren må godkjenna tiltaka.

Regjeringa sine vilkår for tildeling av krisemidlane tilseier at kontrakten må underteiknast dette året. Samstundes er det framleis stor usikkerhet knytta til kva tiltak som er mest påkravde og som bør prioriterast innanfor det relativt knappe budsjettet, seier Friborg.

Samspelkontrakt
For å løysa utfordringane har Øygarden kommune valt å lysa ut ein samspelkontrakt med mogelege entrepenørar i staden for å inngå ein tradisjonell avtale, fortel Friborg.

– Samspelkontrakten gjer det mogeleg å dela arbeidet inn i to fasar. Først går vi gjennom heile bygget saman med entrepenøren, og vert samde om kva som treng gjerast. Slik får vi grunnlag for å prioritera dei mest påkravde tiltaka, seier Friborg.

Fase to går ut på å inngå ein totalentrepriseavtale med entrepenøren for gjennomføring av dei tiltaka ein er blitt samde om å prioritera.

Redusera risiko
Dette er første gongen Øygarden kommune inngår ein samspelkontrakt, ifølgje Friborg.

Når ein valte denne typen avtale, var fordi det her er mange ukjende faktorar når det kjem til kva som treng gjerast og kva det vil kosta. Dessutan var det knapt om tid.

– Risikoen vil gå veldig mykje ned når vi får klarlagt kostnadane før vi inngår totalentreprisen. Samstundes er vi ikkje forplikta til å gå vidare med den valte entrepenøren dersom det viser seg å verta veldig kostbart, seier Friborg.

– Denne typen avtale vil ikkje vera aktuell ved eit nybygg, legg Friborg til.

Les: Pionerar på innovative anskaffelsar

Erfaring
Sist veke vedtok utval for drift og samfunnsutvikling å velja Bergens-verksemda Gamle3hus AS som samspelpartnar.

Det var kome inn fire tilbod på prosjektet. Gamle3hus fekk oppdraget ut frå ei vekting av pris og kvalitet. I dette tilfellet vart entrepenøren si erfaring frå tilsvarande prosjekt avgjerande.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s