Gjestekommentar: Skular ville ikkje ha gratis strilebøker

Skulane på Sotra og i Øygarden fekk tilbod om stablar med gratiseksemplar av boka «Kav stril» til bruk i undervisning om strilekultur, strilemål og lokalhistorie. Dei fleste ville ikkje ta imot.

Kav stril – lokalkultur som ikkje passar inn med læreplanane i skulen?

Av Hans Lauvik

Her er historia:

Eit stutaredne. Det var ordet strilane brukte når nokon fekk ein flogtanke (brått innfall) og straks sette i gang med eit krafttak for å realisera ideén. Resultatet kunne bli vellukka, eller det kunne bli ein fiasko fordi tiltaket var for lite gjennomtenkt. Det eg skal fortelja om, var nærmast det siste:

Tore Turøy og underteikna gav i 2013 ut boka «Kav stril», med gamle dialektord og anna stoff frå Fjell, Sund og Øygarden. Då vi nyleg måtte flytta boklageret vårt på kort varsel, hadde vi vareoppteljing. Vi kom då til at vi kunne gje vekk eit visst tal bøker til dei vi meinte kunne ha nytte av det i det tre kommunane, i første rekkje skulane.

Biblioteka, eldreintitusjonane og Sotra mållag fekk til dels rikeleg med bøker. Og skulane? I mail til rektorane informerte vi om boka, og basert på eiga erfaring skreiv vi at vi meinte den eigna seg godt til bruk i skulane innan tema som strilemål, strilekultur og lokalhistorie. Alt fokus på dialekt skaper bevisstgjering om dialektbruk, og vi ønskte å stimulera til arbeid med slike tema og å bidra med relevant lærestoff vederlagsfritt.

Vi tilbaud opptil 15 bøker pr. skule. Seinare kom Sotra Anchor & Chain AS ved Jan Vindenes på banen. Dei sponsa ytterlegare eksemplar til ungdomsskulane, slik at kvar av desse kunne få opptil 50 bøker totalt. Også Vindenes ønskte å stimulera til arbeid med strilemålet.

Det vart ei nær fiasko-oppleving: Då fristen var ute, hadde kun 9 av 27 skular meldt interesse, mellom desse var tre av dei fem ungdomsskulane. Utanom dette spurde Fjell vaksenopplæring om 25 bøker, som dei vil få, delvis sponsa av nemnde bedrift. Ei veke etter at svarfristen var gått ut og etter at bøkene stort sett var køyrde ut eller omdisponerte, kom to nye barneskular – dessverre for seint – med spørsmål om bøker. Framleis var det 16 skular som ikkje gav tilbakemelding.

Den overraskande låge interessa frå skulane kan lett tolkast som at skulane nedprioriterer lokale tema i undervisninga, men det kan ha skjedd mange endringar i skulane sine planar sidan eg slutta som lærar. Det er likevel både merkeleg og skuffande at dei fleste skulane ikkje ville supplera læremiddelsamlinga si med gratis bøker fullpakka av artiklar, anekdotar, folkeminne og særleg dialektord, alt saman innsamla i bygdene der skulane ligg. Sjølv i vår digitaliserte kvardag trur eg at elevane er i stand til å bla og lesa i ei bok. Ifølgje læreplanen for grunnskulen skal skulane arbeida med talemål både på barne- og ungdomssteget.

Bøkene som nær to tredelar av skulane ikkje ville ha, vart straks omfordelte og vil nok koma til nytte likevel. Skular som ønskte fleire bøker enn vi tilbaud, har fått det. Til dømes har vi sendt 30 bøker til Ulveset skule. Og då svarfristen gjekk ut, sende vi også tilbod om gratis bøker til adminstrasjonen i Askøy kommune og Lindås kommune, der interessa for denne boka har vore stor. Særleg i Lindås har salet av boka vore nærmast eventyrleg.

Eg er skuffa på vegner av «saka», men er ikkje pølkjen (!) for boka sin del. Totalt er det så langt selt utrulege 4500 eksemplar av denne boka, av desse 300 i fjor, tre år etter at boka kom ut. Heldigvis ser det såleis ut til at interessa for strilemålet er mykje større enn det responsen frå skulane tyder på. Difor ligg vi ikkje akkurat i årvelte og mulkar fordi om vi snåva litt denne gongen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s