Forsking? Ikkje her hos oss…

Har forventningane om grøn omstilling teke knekken på Sotrastrilen sin forskingsiver?

Ingjerd Skogseid skal visa Sotrastrilane korleis verkeleggjera forskingsbasert innovasjon i næringslivet.

Kommunereform og oljeprisfall. To ferske døme på at vårt lokale næringsliv stadig vert stilt ovanfor nye mogeleheiter og nye krav. Gode krefter ønskjer no å stimulera til enno meir forskingsbasert innovasjon i tilknyting til næringslivet.

– Næringslivet vert stilt ovanfor stadig nye utfordringar. Kompetansen vert utdatert. Då kan forskinga bidra, seier Ingjerd Skogseid i Hordaland fylkeskommune.

Skogseid er for tida hyra inn av VNR frå Hordaland fylkeskommune for å bistå vårt lokale næringsliv i å henta offentleg støtte til å verkeleggjera gode idear. 18. desember inviterer Norges Forskningsråd, Hordaland fylkeskommune, Gode Sirklar og Fjell kommune til informasjonsmøte om forskingsbasert innovasjon og korleis finansiera gode prosjekt.

– Grøn omstilling er eit nøkkelord. Korleis kan vi verta betre på miljø, bioøkonomi og teknologi spør Skogseid?

Statistikken avslører at det trengst ein kraftig vitamininnsprøyting for å stimulera den lokale forskingsengasjementet:

I Hordaland har talet på forskingsprosjekt finansiert gjennom Skattefunn-ordninga blitt dobla siste åra, til 436 prosjekt. I Fjell, Sund og Øygarden gjekk talet på søknadar til ordninga derimot ned frå 16 i 2015 til 14 i 2017. Og Forskingsrådet har for tida registrert berre åtte forskingsprosjekt med adresse i Nye Øygarden, seier Skogseid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s