Sund – det nye Maldivene?

Nye Øygarden og Destinasjon Bergen har tre konkurransefortrinn i kampen om individuelle opplevingsturistar, men det er også eitt krav vi er nøydde til å oppfylla.

Kyst-eventyret er aleine om å tilby coasteering. Arkivfoto: Coasteering AS.

Korleis sikra at fleire turistar får oppleva Kyst-eventyret? Spørsmålet var eitt av temaene under dagens lunsjmøte i Vest Næringsråd.

Destinasjon Bergen har sett eit hårete mål: Innan 2027 skal talet på selde overnattingar ha auka med ein million. Verksemdene i Nye Øygarden vil kunna spela ei viktig rolle i å nå målet, meinar Frode Nergaard Fjeldstad, nytilsett prosjektleiar i Bergen Reiselivslag.

Lokale reiselivsverksemder må kunna tilby ferdige produkt som kan tingast på internett, seier Frode Nergaard Fjeldstad, nytilsett prosjektleiar i Bergen Reiselivslag.

Natur
Powered by Nature, er Innovasjon Norge sitt slagord ovanfor reiselivsnæringa. Nye Øygarden har alle føresetnadane for å lukkast: Tenk deg kinesarar som kjem til Telavåg for å dra på ørnesafari, eller som vurderer dykking i tareskogen i Sund som eit alternativ til Maldivene.

Les: Marin verneplan for Krossfjorden ute på høyring

Velstandsveksten i Kina er enorm. Stadig fleire reiser på individuelle feriar. 12 millionar kinesarar besøkte Europa i 2016. Berre ein prosent kom til Norge. Det vil Destinasjon Bergen gjera noko med.

Tre konkurransefortrinn
Bergensområdet har tre konkurransefortrinn i kampen om turistane, slik Fjeldstad ser det:

Naturen, havet og fjordane, gjev oss ei unik attraksjonskraft. Dette er noko vi kan vera stolte av å visa fram.

FlyBGO har auka tilgjengelegheiten veldig. No kan Bergen tilby direkte flyruter til 39 destinasjonar. Den nye direkteruta til Helsinki og tilgangen til Finnair sitt vidstrakte rutenett i søraustasia kan vonaleg vega opp for at det i dag berre er SAS som har lov til å fly over Russland.

Felles marknadsføring, konsentrert om fire destinasjonar i Hordaland, vil venteleg gjera det einklare for turistane å få oversikt og planleggja reisa.

Vilkår
– Skal vi kunne henta inn desse mogelegheitane, må vi laga ferdige produkt som turistane kan tinga på internett. Det held ikkje å skriva på nettsida at vi kan skreddersy turar, hevdar Fjeldstad.

Coasteering er noko Kyst-eventyret er aleine om å tilby. Men det lokale næringslivet må kunna tilby fleire opplevingar, som guida turar til ørna i Telavåg, og dykkarturar med alt som trengst av utstyr for å oppleva livet i tareskogen i Sund. Legg gjerne til overnatting i rorbu på Glesvær.

– Sesongen vert strekt både vår og haust. Tenk deg å kunna tilby turistane turar der dei kan filma det spektakulære landskapet vårt i storm, smiler Fjeldstad.

Les: Etterlyser kassaapparata i Vestlandsnaturen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s