Kvar er skulane? og barnehagane?

Barne- og ungdomsfamiliane i Straumeområdet er mest opptekne av nærleik til skular, barnehagar og turmiljø. Butikkar kjem langt nede på ønskjelista.

Butikkar er det god tilgang på i Straumeområdet, men det tilbodet kjem langt ned på barne- og ungdomsfamiliane si prioriteringsliste.

Spørjeundersøkinga om trivsel, synspunkt og prioriteringar hos barne- og ungdomsfamiliar busette i Straumeområdet fekk heile 450 svar, ein oppslutnad på heile 30 prosent, kunne prosjektleiar Eli Janette Fosso fortelja medlemmane i Formannskapet i Fjell i dag.

Bur i einebustad
Den førebelse gjennomgangen av dei inkomne svara viser at heile 70 prosent av respondentane bur i einebustad. Vel halvparten av dei bur i randsona av regionsenteret. 29 prosent har mindre enn ti minutt å gå til sentrum.

Når det gjeld tilgang på ulike bustadtypar, vurderer dei tilgangen på leilighetar som ok. Det er verre med tilgang på einebustadar, oppsummerte Fosso dei innkomne svara.

Skular, barnehagar og turstiar

– Kjempespanande, seier prosjektleiar Eli Janette Fosso i Byregionprogrammet om dei innkomne svara i spørjeundersøkinga om korleis barne- og ungdomsfamiliane trivest på Straume.

På spørsmål om kva tilbod dei prioriterte høgast, svara fleirtalet nærleik til skular, barnehagar og andre offentlege tilbod.

Nokon offentleg skule har ikkje planleggjarane funne plass til på Straume. Ungane på barnetrinnet må til Foldnes, Brattholmen eller Liljevatnet. På ungdomstrinnet og på vidaregåande må dei til Bildøy.

Nærleik til turstiar står på andreplass på prioriteringslista til barne- og ungdomsfamiliane.

Forventningsgap
Foreldra ønskjer seg skular og barnehagar. Stilt opp mot spørsmålet om kva tilbod som faktisk finst i nærområdet der dei bur, avslører undersøkinga eit forventningsgap mellom tilbod og etterspørsel.

Her svara fleirtalet ”butikkar” – eit tilbod som for dei fleste står langt nede på prioriteringslista.

– Slik tenkjer dei
– Undersøkinga viser korleis barne- og ungdomsfamiliane tenkjer, seier Fosso. Ho karakteriserer funna i undersøkinga som kjempespanande.

Den endelege rapporten frå spørjeundersøkinga vert planlagt ferdig 1. mars.

Byregionprogrammet
Trivselsundersøkinga hos innbyggjarane på Straume er ei av tre undersøkingar som inngår i Byregionprogrammet. Parallelt har det vore jobba for å auka kunnskapsgrunnlaget om den lokale sykkelbruken, og korleis det lokale vegnettet kan verta betre å ferdast langs for mjuke trafikkantar.

Samstundes har det vore gjennomført ei undersøking om kor attraktivt det lokale næringslivet oppfattar Fjell.

Det er Telemarkforsking som har gjennomført spørjeundersøkinga på vegne av Fjell kommune. Tilsvarande undersøkingar har vore gjennomført parallelt i alle dei fire kommunane.

Fjell deltek i Byregionprogrammet saman med Os, Lindås og Meland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s