Kommentar: Køtiltak som monnar?

Skilting med forbod mot gjennomkøyring over gamlevegen over Bildøy – Straume, og Arefjord – Valen. Forbod mot påkøyring på R555 på Straume retning Bergen.

Bildøyvegen. Trafikksikring
No krev politikarane forbod mot gjennomkøyring i Gamlevegen over Bildøy i rushtida.

Dette er tre av dei mest konkrete antikø-tiltaka som Høgre og Arbeidarpartiet fekk fleirtalet med seg på i Formannskapet i Fjell onsdag.

Leiinga i Fjell kommune har lagt ned ein betydeleg innsats i å finna fram til tiltak som skal bidra til å redusera køane til og frå Bergen i rushtida. Med på laget har dei fått både Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune som har ansvar for kollektivtransporten. Det er likevel få av dei føreslegne tiltaka Fjell kommune har direkte påverknad på. Det gjeld til dømes forslaget om at fylkeskommunen bør utreda ei båtrute mellom Ågotnes og Bergen.

Les: Planlegg tiltakspakke mot køane

Det store spørsmålet vert difor: Vert dette tiltak som monnar?

Alle gode intensjonar til trass, det vert stadig fleire bilar over Sotrasambandet. Tap av nærare 600 arbeidsplassar lokalt siste åra har bidrege til å auka den daglege innpendlinga til Bergen, ifølgje varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Byggjeforbod?
– Når det er for mange bilar på vegen i eit visst tidsrom må ein finna tiltak som fører til at folk heller reiser kollektivt. Men då må det vera lagt til rette for det, understreka Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Eit forslag som sit langt inne, er å innføra byggjestopp. Det var så vidt Skogestad torde lufta tanken:

-Folk spør meg: Kvifor planlegg vi stadig nye, store byggjefelt, når det berre fører til at køane aukar. Det er slik folk tenkjer, sa Skogestad. Korvidt han sjølv er enig med ”folk” i dette tilfellet, eller om referansen til folkemeininga snarare skjulte ein viss politisk arroganse, var vanskeleg å avgjera.

Vest for Kolltveit-tunnelen
Daniel Victor Sandvik (FrP) er mest oppteken av å stoppa bilane vest for Kolltveit-tunnelen.

FrP-nestoren føreslo innfartsparkering i Tellnes Næringspark, og utvida den eksisterande på Ågotnes. I tillegg ville han relansera planane om innfartsparkering på Kolltveit, som vart skrinlagt i 2012.

– Hadde vi gått for Knutepunktet i 2012, ville vi ikkje hatt denne situasjonen, hevda Sandvik.

Forslaget om å relansera Knutepunktet fekk berre hans eigen stemme. Tanken om å stoppa bilane før Kolltveit-tunnelen vekte likevel ein viss gjenklang rundt bordet:

– Vi har parkeringa ved Fjell Festning, den står tom på dagtid, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Skuleplassen på Fjell er omgjort til innfartsparkering med plass til 44 bilar.

Indrevik er svært nøgd over omsider å ha fått på plass 44 parkeringsplassar ved gamleskulen på Fjell.

Les: No kjem innfartsparkeringa på Fjell

– Ein kan aldri vera sikker på kva effekt slike tiltak kan få. I trafikken er alle seg sjølv nærast, oppsummerte Indrevik debatten i Formannskapet.

Klokeleg nok har politikarane late vera å talfesta måla.

Neste veke skal Kommunestyret ta stilling til tiltakspakken. Venstre og SotraLista har varsla at dei vil lansera fleire forslag.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s