– Sjå mot Asia

Norsk havbruksnæring er konge i den globale oppdrettsnæringa. Få i tal, små i produksjonsvolum og med store marginar. No skal norsk kompetanse og teknologi internasjonaliserast i stor skala.

Ein fisk som denne på ein kilo kostar ein dollar å produsera. Oppdrettaren kan selja han for tre, og kundane kjøper han på supermarknaden for sju.

Sjømat dekkar berre kring tre prosent av det globale matbehovet. Ei raskt veksande folkemengde tilseier at andelen bør aukast.

Den globale oppdrettsnæringa produserer årleg 97 millionar tonn fisk. Av dette utgjer laks og aure berre 2,6 millionar tonn. På verdsbasis genererte oppdrettarane av laks og aure likevel ein samla førstehandsverdi på heile 13 milliardar dollar i fjor, ifølgje Jan Erik Øksenvåg i Kontali Analyse AS.

Norskprodusert laks og aure stod for nærare halvparten av verdiane, tilsvarande ein stad mellom 42 og 49 milliardar kroner.

Enormt potensiale
Den norske leverandørindustrien til havbruksnæringa aleine omset for kring 20 milliardar kroner årleg.

– Potensialet for oppskalering er enormt for norske teknologileverandørar som ønskjer å satsa internasjonalt, hevdar Øksenvåg.

For å auka kunnskapen om korleis kriseramma vestnorske offshoreleverandørar kan bidra til å dekka havbruksnæringa sine behov, fekk GCE Subsea og NCE Seafood i fjor 1,063 millionar kroner av Regjeringa sine omstillingsmidlar, fortel forretningsutviklar Gunnar Buvik i GCE Subsea.

Kunnskapsoverføring
Å overføra kunnskapen frå laks og aure og norske tilhøve til internasjonalt oppdrett er likevel ikkje berre, berre. Det trengs kunnskapar om biologi, teknologi og marknad for ulike artar.

– Eit sentralt spørsmål vert om ein skal satsa vidare og verta enno meir effektive på laks, aure og andre kjende artar, eller satsa på nye. Nye artar er spanande, men kan vera utfordrande å få lønsame, åtvarar Bjørn Myrseth i Vitamar AS.

Asia dominerer
I Asia har dei drive med oppdrett i minst 3000 år. Samanlikna med tilhøva i Asia vert norsk havbruksnæring nærast for ein mygg å rekna. Heile 92 prosent av all oppdrett skjer i verdas mest folkerike verdsdel, ifølgje Øksenvåg. Muslingar og karpefiskar utgjer kvar litt under tredelen av det totale produksjonsvolumet.

Les: Pionerar på oppdrettsfisk

Verd å merka seg er det likevel at asiatisk oppdrettsnæring berre genererer 68 prosent av dei samla inntektene, trass i dei store voluma. Europa derimot, som berre stod for tre prosent av produksjonen, hausta til samanlikning heile 14 prosent av salsinntektene.

Stigande marknadsprisar, kombinert med aukande effektivitet medfører veksande marginar for norske oppdrettarar, og gjev rom for eksperimentering med nye typar anlegg så vel som nye artar.

Lønsemd
Mest innbringande i den asiatiske marknaden er rekeproduksjonen, som står for vel 20 prosent av dei samla inntektene, trass i relativt beskjedent volum. Importert laks og aure kjem på tredjeplass, etter karpefisk, ifølgje Øksenvåg.

Fleire artar peikar seg ut som gunstige for norske oppdrettarar som ønskjer å satsa internasjonalt: Varmtvass-reker, catfish, tilapia, brass og bream er alle godt innarbeida i ulike delar av marknaden. Men ingen av dei er uproblematisk.

Vatn
Storskala produksjon på land vil stilla store krav til areal. Krav til rikeleg vassforsyning med tilstrekkjeleg kvalitet, kan og setja grenser for kor stort produksjonsvolumet kan verta. Andre stadar kan parasittar og sjukdom utgjera ein risiko.

Miljøovervaking og prediksjon av parasitt- og sjukdomsutbrot kan vera eit interessant satsingsområde for norske teknologileverandørar, ifølgje Myrseth.

Les: Varslar ein blå revolusjon

Oppdrettspioneren peikar særleg på behovet for teknologi for resirkulering av vatn i lukka anlegg på land. Slambehandling, bakteriefiltrering, fjerning av CO2 og tilsetjing av oksygen, er prosessar som må kunna utførast einklare og rimelegare, skal anlegga kunna konkurrera med bruk av opne merder i sjø investeringsmessig sett i forhald til produksjonsvolum, ifølgje Myrseth.

Intensive anlegg
Norske oppdrettarar og leverandørindustri som planlegg internasjonalisering, bør fokusera på intensivt havbruk i dammar, tankar eller merder med høge krav til teknologi og komplekse fôringsregime. Det er her størstedelen av verdiane ligg, tilsvarande 40 milliardar dollar, tilrår Øksenvåg.

Satsingsområde
Økonomisk støtte til internasjonaliseringa kan leverandørindustrien få hos Innovasjon Norge.

Havrommet er eit av seks satsingsområde for Innovasjon Norge. 40 prosent av organisasjonen sine verkemidlar gjekk til marine næringar i 2016. Bioøkonomi eit stikkord. I Asia er Innovasjon Norge tilstade i land med 3,3 milliardar menneskjer, seier rådgjevar Ole Henæs.

Støtte til kommersiell oppdrett av hilsa i stor skala i Vest-Bengal er eitt av dei prosjekta Henæs framhevar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s