Fellesnemnda gjekk «live»

God oversikt. Dette skjermbiletet møtet publikum som ønskjer å overvære møta i Fellesnemnda. På høgre sida av skjermen kan ein velja kameravinkel.

Fellesnemdna har teke det digitale spranget. Frå i dag av kan innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden overværa møtene i sanntid på internett.

Den føreståande kommunesamanslåinga er eit tema som opptek folk flest i Fjell, Sund og Øygarden. Det er viktig for lokaldemokratiet at flest mogeleg har høve til å følgja med på arbeidet. Sidan Fellesnemenda har som visjon at den nye kommunen skal vera eit fyrtårn i vest, også teknologisk, har politikarane vedteke at møtene  skal overførast i sanntid via internet.

I dag gjekk den nye fjernsynskanalen på lufta for første gong.

Oversikt
Fellesnemnda har funne fram til ei digital løysing som gjev god oversikt, med fleire vindauge på skjermen samstundes. Slik vert det mogegleg for publikum både å følgja med på kva som skjer og vert sagt i salen, samstundes som ein kan følgja med på sakslista i møtet i eigne vindauge.

Skifta mellom kamera
Publikum kan på ein einkel måte skifta mellom tre kamera: møteleiing, salen og eventuelle visningar via prosjektor.

For dei som ønskjer det, er det sjølvsagt mogeleg å ta inn sjølve sendinga i fullskjerm.

Sidan det er valt ei løysing med fleire vindauge på skjermen, burde det ha vore mogleg også å ha sjølve saksdokumenta i eit eige vinduage. Slik det vert lagt opp til no, må publikum som ønskjer det i staden følja med i sjølve saksdokumenta i ei eiga fane. Ikkje den store utfordringa, kanskje, men her er det rom for å gjera det enno einklare for publikum å halda oversikten.

Kjekt at løysinga som er valt gjer det mogeleg å spola tilbake til tidlegare saker som har vore behandla i møtet.

Lyd
Sjølve sendinga gjekk stort sett greit. Nokre barnesjukdomar var det likevel.

Lyden var til tider ei utfordring. Ikkje alle møtedeltakarane er like flinke til å snakka inn i mikrofonen. Det gjeld også møteleiar Kari Anne Landro. Kanhende burde ein i staden ha investert i trådlause «myggar» dei einskilde politikarane kunne ha festa på jakkeslaget?

Då var det verre at lyden ei tid fall heilt ut.

Over eit låghastighets breiband (4 Mbit/s) vart det nokre hakk, og to lengre ufrivillige pausar i sendinga. Når det skjer, er ein nøydd til å gå ut av systemet, og starta på nytt.

Med tanke på at hastigheten på breibandet i kommunane varierer, kunne ein kanskje ha funne fram til ei «slankare» komprimeringsløysing?

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.