Korleis bør Øygards-gensaren sjå ut?

No kan Stjernetrøya frå Sotra få selskap av Øygards-gensaren. Ein konkurranse om å designa Øygards-gensaren kan vera eitt veleigna tiltak for å skapa engasjement rundt Nye Øygarden kommune.

Stjernetrøya frå Sotra. Her nokre av modellane som er i bruk i Rune Garmann sin familie. Foto: Rune Garmann.

Kvit, grå og brun villsau, eller oransje fyrtårn og lilla sykkel? Kort eller lang? Korleis bør Øygardsgensaren sjå ut? Kven designar det beste forslaget?

Det er ordførar Marinanne Sandahl Bjorøy i Fjell som har fremma forslag om at det bør lysast ut ein konkurranse om å designa ein Øygards-gensar i samband med samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden.

Engasjement
I dag lanserte ho forslaget for Fellesnemnda, i samband med drøftinga rundt arbeidet til arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet. Ein slik konkurranse kan bidra til å støtta opp under den lokale identitetskjensla og auka engasjementet rundt kommunesamanslåinga, tenkjer Sandahl Bjorøy.

Vinnarforslaget bør vera klart i god tid innan 1.1.2020, slik at alle kan sprada rundt i nystrikka gensar når nyttårsklokkene ringjer den nye kommunen inn.

Husflidslaget
Konkurransen må skje i samarbeid med Sotra Husflidslag. Det er dei som må stå for det praktiske, seier Sandahl Bjorøy.

Stjernetrøya
Ein strikkekonkurranse for øyane vest for Bergen vil byggja på solide tradisjonar. Den utflytte Sotra-strilen Rune Garmann, i samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk, har tidlegare henta fram mønsteret frå oldefaren, tidlegare ordførar Nils Storesund i Fjell, si stastrøye, som Stjernetrøya frå Sotra.

Les: Stjernetrøya frå Sotra

Dette mønsteret var topp mote på Sotra kring 1850, hevdar Garmann, og får støtte mellom anna frå eit oppslag i Norsk Husflid.

Les: Sotratrøya – den originale

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s