Offentleg digitalisering utan politisk styring

No må kommunepolitikarane koma på banen! Digitaliseringa vil påverka kvardagen til både innbyggjarane og kommunane. Til no har digitaliseringa likevel funne stad på sida av dei formelle beslutningsforuma.

Politikarane i Fellesnemnda synes Kjetil Århus sine tankar om å gjera Nye Øygarden til eit digitalt fyrtårn i vest høyres spanande.

Det var Kjetil Århus, direktør for digitalisering og innovasjon i Bergen, som hevda dette då han møtte politikarane i Fellesnemnda for Nye Øygarden tidlegare denne veka.

Korleis verta synleg?
Mange offentlege tenester er i ferd med å standardiserast. Kven er det som tek desse avgjerdene? Korleis kan vi som region vera med på å ta desse avgjerdene? Ikkje minst, korleis kan vi verta enno meir tydeleg på å få fram våre behov i desse samanhangane, spør digitaliseringsdirektøren.

Les: Bergen på digital friarferd

Bergen, saman med Nye Øygarden, Alver og Bjørnafjorden, har teke eit felles initiativ til å vera med å påverka det som skjer. Eit tiltak som føreset samarbeid kommunane i mellom. Så langt er det nedsett ei styringsgruppe beståande av rådmenn og prosjektleiarar i regionen.

– Vi er med på å setja dagsorden! Vi er einaste regionen som tenkjer slik. Storleiken gjer oss til ein robust aktør, seier Århus.

Staten er drivkraft
Ein har snakka om det lenge, men no tilseier teknologiutviklinga, saman med den digitale modninga hos innbyggjarane, at målet om det papirlause samfunnet er innan rekkevidde.

Statsforvaltninga har identifisert ei rekke område, hovudsakleg innan helse, pleie og omsorg, og plan- og bygg, men og barnevern, sosialteneste og skule, som veleigna for å effektiviserast ved hjelp av digital teknologi.

– Det skjer ein pågåande digitaliseringsprosess som vil påverka drifta av kommunane, hevdar Århus.

Les: Vi skal læra av dei beste

Spleiselag
KS har invitert kommunane til eit nasjonalt spleiselag som skal setja fortgang i overgangen til eit papirlaus kommune. Det skal utviklast generelle verktøy, mellom anna for elektronisk dialog mellom kommunane og innbyggjarane. Både innsending og svar ut skal skje via digitale flater. Andre fellestenester, og robotisering av sjølve saksbehandlinga, vil skje parallelt.

Kvar kommune er inviterte til å gje 20 kroner per innbyggjar, og fylkeskommunane fem, til ei felles finansieringsordning.

Deling, deling, deling…
Hemmeligheten bak satsinga, er samhandling, og deling. Alt skal delast, både programvare og data:
– Dei store datamengdene er vår tids gull. Om vi samlar alle data frå offentleg sektor, kjem dei til å verta utruleg verdfulle. Skal vi lukkast med å laga framtidige løysingar må vi sørga for at dataene er tilgjengeleg for tenesteutviklarane. Det må og gjelda for sensitive data, hevdar Århus.

Personvern og datasikkerhet
Det siste stiller krav mellom anna til personvern, samtykke frå dei det gjeld, men og datasikkerhet.

Spanande tanke
Politikarane i Fellesnemnda har hatt eit år på seg til å la tanken modnast.

Tanken om å verta eit digitalt fyrtårn i vest høyrtes lokkande ut for fleirtalet av politikarane i Fellesnemnda. Personvern og datasikkerhet er likevel noko som må vektleggjast sterkt, understreka dei.

Ingen vedtak er fatta. 24. januar ventar eit felles informasjonsmøte i regi av KS.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.