Planlegg midlertidige køtiltak

600 bilar må vekk frå vegen i timane mellom 6 og 9 om morgonen skal Sotrastrilen kunna ferdast over Sotrabrua utan å stanga i kø.

Trafikkisutasjonen over Sotrasambandet er nær samanbrot.

Kommunestyret i Fjell skal torsdag ta stilling til ei liste med forslag til tiltak som skal bidra til å redusera køane over Sotrabrua i påvente av på nytt Sotrasamband.

Pakken som kommunestyret skal drøfta er sett saman av trafikktiltak, kollektivtiltak og kampanjar. Det er ikkje føreslege nokon tal for kor mange bilar som må vekk frå vegen i dei travlaste timane, skal Sotrastrilen sleppa køyra i kø fram mot 2024.

– Dei føreslegne tiltaka er meint å skulle betra flyten på R555, og redusera tida som går vekk i kø for dei som har lengst reiseveg, seier Helge Hopen som har vore innleigd konsulent i arbeidet til nettavisa Tunnelsyn.no

Les: Kommentar: Køtiltak som monnar?

Nær samanbrot
Tiltak trengst. Trafikken har nådd eit nivå Hopen karakteriserer som ”nær samanbrot”, og som gjev ringverknadar på lokalvegane på begge sider av brua. På det verste denne hausten har forsinkelsane frå Kolltveittunnelen og innover vore på heile tre kvarter.

Trafikkmålingar utført i haust viser at trafikken over Sotrabrua ein vanleg kvardag har ein topp mellom klokka 6 og 7 om morgonen, med nærare 1.400 bilar. Timen etter passerer det i snitt vel 1.300 bilar, og mellom 8 og 9 er talet redusert til kring 1.150 bilar.

– Dette er så mange bilar som klarar å passera over brua. Køane gjer at vi ikkje veit kor stort det faktiske reisebehovet er, seier Hopen.

Med dagens tilhøve og trafikksituasjon må 600 bilar vekk frå Sotrasambandet i timane mellom klokka 6 og 9, skal Sotrastrilen kunna køyra over utan å stanga i kø, seier Helge Hopen.

Køyremønster
Det er mange faktorar som påverkar køsituasjonen. Bilistane sitt køyremønster er ein av dei. Ikkje alle passar på å halda optimal avstand til bilen framfor. I denne farten vil det seia å følgja 1-2-reglen.

– Under optimale tilhøve, om alle køyrde perfekt, i ein fart av 55 kilometer i timen, og tilhøva elles låg til rette, burde det ha vore mogeleg å få 1.800 – 2.000 bilar over Sotrabrua i løpet av ein time, utan at det oppstod kø, hevdar Hopen.

Må vekk frå vegen
No er situasjonen langt frå perfekt. Flyten i trafikken inn mot og over Sotrabrua er dårleg. Brua er smalare enn ho burde vore, noko som skapar distraksjonar for bilistane. Følgjeeffekt frå køar i Drotningsvik påverkar og situasjonen.

Med bakgrunn i dagens tilhøve og trafikkmengde bør eit par hundre bilar vekk frå vegen i kvar dei tre travlaste timane morgon og ettermiddag, skal Sotrastrilen kunna køyra over til fastlandet utan å verta hindra av kø, anslår Hopen på direkte spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.no.

Betre flyt
I håp om å betra flyten på R555, vert det, forutan å stengja gamlevegen over Litle Sotra for gjennomkøyring, føreslege å endra fasane i lyskrysset på Valen, slik at trafikken på R555 får prioritet.

På Straume har bussane fått prioritet frå Terminalen på Straume og ut på R555. All privatbiltrafikk frå LitleSotra rening Bergen må heretter køyra ut på riksvegen via Arefjord – Storskaret.

– Ny Sotrabru kjem jo, så alt dette vert midlertidige tiltak, understrekar Hopen.

Å seinka fartsgrensa til 60 kilometer i timen heilt inn til Storavatnet er eitt tiltak som vore vurdert, men som er vurdert å vera for omfattande å gjennomføra, ifølgje Hopen.

Advertisements

1 Comment

  1. Reblogged this on Tunnelsyn and commented:

    Dette er første dagen med nytt køyremønster på Sotrasambandet, i håp om å redusera køane. Les trafikkeksperten Helge Hopen sine spådomar til nettavisa Tunnelsyn då forslaget til tiltak vart lansert 12. desember i fjor.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s