Rimelegare å reisa langt med bussen

Til neste år kan du reisa med bussen overalt i Fjell, Sund og Øygarden for sentrumstakst.

Frå 1. august kan du ta bussen frå Bergen til Hellesøy for sentrumstakst. Men du må framleis vera førebudd på å byta buss på Ågotnes.

Dette vart klart etter at Fylkestinget i Hordaland i går vart samde om budsjettet for neste år.

Som eit tiltak for å oppmuntra fleire til å ta bussen, valde fylkespolitikarane å foreinkla sonesystemet for kollektivtransporten. Meir enn 400 soner i heile fylket vil no bli redusert til sju.

For Sotra- og Øygardsstrilane vil det bety at det vert vesentleg rimelegare å reisa til bygdene i sør, vest og nord.

-Frå 1. august vert sentrumssona utvida til å omfatta heile Fjell, Sund og Øygarden.  Då kan ein reisa til Hellesøy, og alle andre stadar i desse tre kommunane, for 37 kroner, seier ei strålande nøgd Aud Karin Oen (SV) til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Omlegginga vil kosta Hordaland fylkeskommune 18 millionar i 2018, og 20 millionar i 2019, ifølgje Oen.

Foreinklinga har skjedd delvis for å tilpassa seg eit nytt kontantlaust betalingsregime, der ein kan betala med mobilen. Tryggare for bussjåføren, når det vert færre pengar i omløp, ifølgje Oen.

 

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.