Vil ha kortreist stein til fjordpark

Kommunestyret i Øygarden forkotterer den komande diskusjonen om sentrumsplanen for Rong. Sør for rådhuset skal kortreist stein verta fjordpark.

Dette vert sentrum i sentrum av Rong, hevdar leiar Ottar Vik i utval for drift og samfunnsutvikling.

Å frakta vekk 40.000 kubikk med stein kunne fort ha blitt ein ekstra utgiftspost for utbyggjar på vestsida av fylkesvegen på Rong. No har Øygarden kommune i staden tilbode seg å overta steinen.

Steinmassane skal deponerast tver over vegen, på den kommunale tomten like ved rådhuset, har kommunestyret avgjort i dag.

Kortreiste stein
-Her legg den komande sentrumplanen opp til at vi skal få fjordpark, seier utvalsleiar Ottar Vik i drift og samfunnsutvikling.

Steinen kjem ikkje gratis. Det ti mål store området mellom vegen og strandkanten skal planerast. Eit arbeid som kommunestyret er villig til å betala inntil to millionar for.

-Det er bra med kortreist stein, men burde ikkje utbyggjar ha betalt oss for deponeringa, spurte Aud Karin Oen (SV).

Sentrum i sentrum
-Fylkesmannen har etterlyst sentrum i Rong. Dette vert sentrum i sentrum, utdjupar Vik på spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.no.

Planeringa og dei store steinmassane til trass. Fjordparken vil til ein viss grad verta tilpassa Øygardsnaturen, ifølgje Vik.

Båthamn
Dei reinskura svaberga i strandlinja skal behaldast. På oppsida kjem det ein strandpromenade. Innanfor den vert det planlagt eit aktivitetsområde for heile familien, seier Vik.

Planforslaget omfattar også ein kommunal molo, og båthamn med plass til 60 båtar, inkludert ei gjestehamn med 20 plassar.

Droppar kyrkje
Planen for sentrumsområdet på Rong skal etter planen leggjast fram for politisk behandling i februar neste år. Andre føremål for framtidig bruk av den kommunale tomten har vore vurdert, mellom anna ei ny kyrkje, men det har vist seg vanskeleg å få til, ifølgje ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Les: Grønt, gult eller lure-gult på Rong

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s