Askøy meir veldriven enn Fjell – størst forskjell i skulen

I Askøy får dei meir ut av budsjettkronene enn i Fjell, viser Regjeringa si effektivtetsmåling. Forskjellen er aukande.

Samstundes som dei folkevalde i Kommune-Norge forhandlar om budsjetta for neste år, offentleggjer Kommunal- og moderniseringsdepartementet samanlikninga over effektiviteten i samtlege norske kommunar for åra 2015 og 2016.

Ein analyse som viser at i Askøy får dei vesentleg meir att for kvar budsjettkrone enn i Fjell, sjølv om dei og ligg langt bak i feltet i si kommunegruppe.

Tunge oppgåver
På den grøne øya går utviklinga dessutan rett veg, i motsetning til i kommunane som snart skal inn i Nye Øygarden.

Analysen omfattar dei aller tyngste oppgåvene i kommunane; barnehage, grunnskule og pleie og omsorg.

Dei oppgjevene verdiane er i prosentpoeng, samanlikna med Bærum, som får beste karakter av alle store kommunar utanom dei fire største byane.

Positiv utvikling
I Askøy får dei tre kommunale sektorane samla ein effektivitetsverdi på 89, to prosentpoeng betre enn i 2015. Best ut kjem barnehagane, med verdien 96. Pleie og omsorg ligg derimot heilt nede på 81 poeng.

Både barnehagane og pleie og omsorg vart meir effektive frå 2015 til 2016. Unntaket var grunnskulen, der utviklinga gjekk i motsett retning.

Mindre effektiv
I Fjell derimot, fekk dei mindre offentlege tenester att for kvar budsjettkrone i fjor enn i 2015, ifølgje Kommunal og moderniseringsdepartementet sin effektivitetsanalyse.

Samla verdi for barnehagar, grunnskule og pleie og omsorg enda i fjor på 72, heile fem prosentpoeng svakare enn i 2015.

Alle dei tre sektorane hadde ein negativ utvikling. Størst var nedgangen i effektivtet innan pleie og omsorg, ifølgje Kommunal og moderniseringsdepartementet sin effektivitetsmåling.

Skulen

Askøy kjem ut med vesentleg høgare skåre når det gjeld effektivitet i pengebruken i grunnskulen.

Største forskjellane dei to kommunan i mellom finn vi i grunnskulen. Askøy har i fleire år, ifølgje frustrerte foreldre, sveltefora skulen, og skorar no heile 94 poeng, oppnår Fjell berre 75.

Her kan du sjå heile analysen

Les: Foreldreopprør i Askøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.